onsdag 28. november 2007

Hamar

I helga var me på Hamar på utstillingstur ilag med Lise og Fira. Me reiste tidlig fredag og kom fram tidlig ettermiddag etter å måtta køyre ein liten omveg, ein trailer som stod på tvers i veien som me ikkje kom oss forbi. Var glatte vegar, men me kom oss trygt fram. Fredagskvelden vart det pizza og Idol på pc`en på rommet.

Lørdag var med tidlig opp og ned i Vikingskipet for å få med oss Golden. Lise og Fira stilte og var kjempe flinke! Fira vann unghundklasse tisper med hp! Eira var med for å heie og stod i grindene ilag med Fira. Dette gjekk kjempe fint, og ho vart veldig glad når nokon ville klappe ho, er jo såå deilig med kos! Alle fir`beinte me møtte var berre kjekt å helse på, og Eira oppførte seg veldig bra. Dei fleste skulle leikes med, spesielt hvis me møtte noko tøffe gutter, då flørta ho vilt! Utrulig artig å sjå på!

Åhh, endelig litt kos å få!
Eira med teip på øyrene, det hjelper faktisk så dei ligg litt bedre.
To trøtte vofser på slutten av dagen
Så kom søndagen og Parson utstilling, eg trente med Eira utenfor ringen, og ho var kjempe flink. Stod veldig bra, og var oppmerksom på meg og pølse bitene. 14 påmeldte Parson. Så var det vår tur i ringen, og der datt ho heilt ut! Ikkje ville ho stå, og ikkje ville ho gå. Alt var berre ekkelt! Ho stod fint på bordet, det var ikkje skummelt i det heile tatt. Men når dommeren skulle få sjå dei fine bevegelsene hennes, så nekta ho heilt. Skulle ikkje gå skikkelig, berre med nesen i bakken. Og når ho dei siste meterene gjekk fint, så hadde nok dommeren bestemt seg, og Eira fekk blå sløyfe! Hmm, sånn kan det gå.. Dommeren var nok ute etter ein litt anna type Parson enn Eira, men eg fekk ikkje vist ho fram heller, så me fortjente det kanskje. Newt (Revefotens Whooping Good News) ble beste tispe og BIR. Jonte (Jackpack Jonatan von Whopperson) beste hannhund og BIM. Revefoten stilte i oppdretterklasse og gruppa fekk 1. pr og hp. Gratulerer til alle sammen!
Me måtte dessverre reise heim uten å få med oss Parson treffet etterpå, har sett på bilder i andre blogger, og det såg veldig koselig ut! Men er glad me køyrde heim og, blir sliten av å vere på tur. Det var uansett veldig koselig å treffe andre Parsons og menneskefolket deira, det er ikkje så ofte. Eira var spesielt begeistra for Eddie, syns nok at han var riktig så fin! :)
Me hadde ein veldig kjekk tur, og Eira er blitt veldig enkel og grei å ha med seg, ingen tull og fanteri, så det er eg kjempe fornøyd med! Og Fira og Eira er beste veninner!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Så fint at Eira fikk være sammen med venninnen sin i Vikingeskipet! Alle gode hunder får en blå har jeg hørt... Stå på videre! Hun er nydelig!

Anonym sa...

Hei og takk for hjelpen med Vita :-) Synd at det ikke var Eira's dag! Forsto jo at du måtte dra med den reiseveien, men håper du fikk med deg en kake iallefall :-)

Sees ved neste korsvei!
Mvh Lena

Anonym sa...

Dumt at det ikkje klaffa for deg og Eira i helga, men det går nok betre neste gong. Har jo litt med smak og behag desse utstillingane, men kjekt er det jo når det går bra. :)
Mvh Ingfrid

Anonym sa...

Heisan Liv, var koselig å se deg og Eira igjen. Synd dere måtte reise så fort etter utstillingen. Eddie sender Eira en nuss *fniss* han synes nok hun var søt:)

Klem Heidi