måndag 5. november 2007

Mandagstrening

Me er endelig komt igang med mandagstreninga her på Voss. Var tredje gongen i dag, og eg er kjempefornøyd med treninga! Sultne hunder på trening er lurt, då gjer dei ALT for GoBiten! :) Eira trente mest på utstilling, og var meget dyktig! Ho er veldig glad i "dommeren" og veldig lykkelig for å få oppmerksomhet, men det er ikkje så mykje å gjere med. Ho er jo berre glad! Og ellers så går ho litt lydighets fri ved fot når eg skal vise ho fram, og då blir det litt tripping, men sånn går det når ein trener lydighet. Ikkje så enkelt å få ho til å skjønne forskjellen...Ho stiller seg opp fint og står leeenge i ro, så hvis ho kan vere like flink på utstilling, så blir det bra! Ellers fekk ho trent litt på helse trening og tannvisning når ho sitt på plass. Det var ikkje så lett, ho letta nesten frå bakken fordi ho logra så fælt. Men me fekk det til og, til slutt! Ho er veldig sosial og skal helst helse på alle som nærmer seg, og då vart det litt vanskelig å sitte stille, men til slutt skjønte ho kva ho skulle gjere og fekk ein velfortjent GoBit!
Kenzo fekk trene på fri ved fot, sitt, ligg med bli, og han og var med på helse trening og tannvisning på plass. Han kan jo alt dette veldig godt, så hvis han berre vil sjølv, så er han veldig flink. Og i dag var han sulten, så då gjekk det som ein drøm! Var mykje hunder i hallen og nokon som ikkje klarer holde kjeft, så mykje bråk i tillegg til alt anna, så eg er super fornøyd med innsatsen i dag. Gleder oss alt til neste gong!

1 kommentar:

Anonym sa...

Härligt härligt - kul med lydnadsträning! ;o) Eira's nya dekken - var kommer det ifrån? Var har du köpt det? Lycka till på träning & utställningar framöver!