torsdag 31. januar 2008

Agility trening

Onsdagar er agility trening i rub hallen. Er veldig kjekk og god trening for Eira. Ho blir heilt vill med ein gong me parkerer utenfor hallen. Så når eg går ut av bilen og inn for å bygge bane, så begynner ho å ule! Og det gjer ho heilt til ho blir henta..overalt ellers er ho heilt stille i bilen, men oppe ved hallen blir ho heilt sprø. Rekner med det er fordi ho gleder seg sånn til å trene. Men ho blir vanvittig gira av det også, så når det var hennes tur så var ho omtrent ikkje nedpå bakken, for ho vart heilt sprø når ho kom inn i hallen. Vel og bra med ei gira frøken, men det var nesten litt mykje denne gonge. Eg klarer å styre ho enda, men når ho veit kva ho skal gjere på alle hinderene så er eg redd ho durer på av seg sjølv med meg dinglande bak...vart mykje springing på meg og, enda me berre trener på eit og eit hinder. Før eg omtrent er ferdig med belønningen så er ho på vei andre vegen over hinderet igjen, så gjeld å følge med så ho ikkje får juksa altfor mykje på feltene..I går trente me på møne, vippa, slalom, pølsa, tunnelen, hjulet og vanlig hopp hinder. Ingen problemer igrunn, men ho har det veldig travelt: "Hallooo, kjem du der bak? Eg er klar for belønning!" Og eg må dra ho ut igjen i bilen, ho skal ikkje ha pause. Ho har komt veldig langt til å berre ha trent agility to gonger, så veldig smart og kvikk er ho vertfall. Og halen går som det ser ut som ho letter frå bakken, artig! Men sjølv om ho har det travelt så lærer ho fort kva ho får belønning for og ikkje, så ikkje sikkert det går så gale med oss likevel. Me skal vertfall fortsette å trene, for det er veldig kjekt og mykje kjekke folk på treningane!
Ingen bilder i dag men ein liten film snutt frå turen vår tidligare i dag, dette er typisk tur for Kenzo og Eira, sånn kan dei holde på lenge..Fekk ikkje snudd den rett veg, men pytt pytt...


tysdag 29. januar 2008

Endelig på ski igjen

Eg er fremdeles ikkje heilt frisk, så har ikkje gått veldig lange turer i det siste, men i dag måtte eg berre på ski! Hundane hadde og ein del overskudds energi etter ei heil helg i Bergen med småturer. Dei to beinte var på Kent konsert, (som var fantastisk bra!) og vart mykje dilling med andre ting enn hund. Så dei var klar for langtur i dag dei og. Me fekk oss ein fin tur, stort sett oppholdsvær og nesten litt sol på slutten av turen. Etter to timer med trakking i snø kjørte me heimatt, fekk meld i bilen om eg ville vere med Nancy og Lucas på tur, og det ville me jo, sjølv om me ikkje hadde komt oss heimatt ein gong. Det vart rett frå bilen på ny tur, hundane lurte litt når dei ikkje skulle inn i leiligheten, men dei er jo alltid med på tur! Og etter to nye timer med spretting og herjing var det berre for meg å fôre hundane og reise opp på Haugo og male agility hinder som skal brukast på Voss Hundeklubb sitt offisielle agilitystevne i mars. Så no har eg vore mangen timer på beina og det var veldig deilig å sette seg i sofaen. Hundane er også tydelig fornøyd etter denne lange turen dei har vore på i dag, dei søv tungt rundt meg her. Deilig!


Deilig vintervær på fjellet
"Ja, kjem du eller?"
Nydelige snuppa mi!
Deilig med blå himmel!
Dette bildet er ikkje frå idag, men berre for å illustrere kor kosesjuk Eira er; finn eg fram teppet, så får eg ikkje ha det i fred!

måndag 21. januar 2008

Sjuk, sjuk, sjuk og sjuk...

No er eg sjuk på femte dagen, to dager, lørdag og søndag kom eg meg ikkje opp av senga. Forkjølelsen herjer som aldri før! Eg har ikkje måtta la nokon andre gå tur med hundane p.g.a sjukdom så lenge eg har hatt dei, og Kenzo er jo snart tre år. Så veldig uvant for meg å ikkje klare å komme meg utav senga. Eg reiste i Bergsdalen fredag for å kose meg i snøen og gå på ski, men vart ikkje heilt som eg hadde tenkt..Hundane har jo skjønt lite og ingenting..broren min har tatt dei med seg på tur to dager, dei har lurt litt og ikkje vore heilt sikre på om dei vil vere med han når ikkje eg er der. Og Eira kom faktisk heimatt av seg sjølv i går, tullejenta! Men lørdag tok han dei i bilen, og då sprang dei ned til bilen for å sjå om eg ikkje kom fleire gonger. Men så letta det to orrhøner, og då vart dei så gira at dei glømte at eg ikkje var med.
I dag berre måtte eg ut, sjølv om formen ikkje er heilt på topp. Sol og masse nysnø lokka veldig til tur. Men eg kom meg ikkje så langt, og eg måtte køyre nedover i dalen for å komme ned i skyggen, vart altfor lyst i sola, aaatsjoooo heile tida. Og det rant frå auger og nasen. Litt bedre i skyggeland, men der syns Eira det var veldig kaldt..
Hadde med kamera og fekk knipsa litt bilder.


Rulle seg i nysnø er det beste som fins!


Bite i Kenzo er det beste som fins!


Grave grave..






To golden og ja..ei lita Parson jente også faktisk


Inkallingen går så det suser!

Fantastisk nydelig vintervær!

Snøballkasting er alltid moro

Doing

I skyggen var det litt kaldt, og Eira gjekk på to og tre bein innimellom

Kenzo har pels så det heldt..
Eira kunne nok tenkt seg å låne litt..men mest kaldt på potene, nokon som har prøvd potesokker til Parsonene sine?

Ser for meg at potesokkene ikkje ville hengt på særlig lenge..
Wilma
Snømannen Kenzo

onsdag 16. januar 2008

Årets første spor og agilitytrening

Merkelig det der at ein syns ein har lite tid, og så gjer ein alt på ein dag, og det går igrunn veldig fint.. I alle fall, me starta dagen med spor. Pølsespor i dag siden eg ikkje har blod i frysen. Det er nesten ikkje snø igjen på Voss, berre is overalt, så ikkje spesielt fint å gå på tur. Då er det kjekt å kunne slite ut hundane på ein anna måte enn å skli rundt på isen. La to ganske lange spor, ca 700m til Eira og Kenzo sitt var enda lenger, sikkert 800m vertfall. Hundane venta spent i bilen, då sporene var lagt var det luftetur. Hundane blir jo elleville når dei skjønner dei skal få gå spor, dei digger det rett og slett! Så når eg slepp dei ut av bilen snuser dei rundt i sikkert fem min. før dei skjønner at dei nok må vente..kjedelige greier. Me rusla rundt i ca ein time før eg satte Kenzo i bilen og Eira fekk på selen. Ho går eit bra spor, veldig nøyen med å få med seg ALLE pølsebitene. Ho gjekk ikkje forbi ein einaste ein, så ho er nøyen i sporet. Vinklane går kjempefint, og ho runderer bra når ho får tap, så ho har tydeligvis skjønt korleis det skal gjerast! Ballen i enden av sporet var ikkje kjekk i det heile tatt, ho er kjempe gira på leiker inne, men når me kjem ut så vil ho berre ha gobiter i steden. Men sånn var Kenzo og, trur ho må lære seg å leike ute...
Kenzo går og bra, men han har det travelt, og går forbi fleire pølsebiter. Eg klarer ikkje holde han igjen heller, på støvler i slaps og regn. Men dei fleste får han med seg, og han blir trøtt på slutten, og då plukker han resten av pølsebitene. Og han er gira på slutten! Drakamp er toppen!
Eg var egentlig komt godt ned i sofaen, men fann ut eg måtte gjere noko så eg ikkje sovna. Det er agility trening i klubben på onsdagar, og me har vore med nokon gonger. Eira liker det kjempegodt, så fann ut eg fekk ta meg ein tur. Var veldig mangen på trening i dag, så blir mykje venting. Men veldig kjekt og. Eira er jo skapt for agility, ho syns det er kjempe gøy, og skjønner veldig fort kva ho skal gjere. Me fekk to økter, og det var såvidt eg fekk ho i bilen i mellom øktene, ho ville inn og trene! Ikkje bilen! Me fekk og ein luftetur med åtte hunder før trening, det har hundane kjempe godt av. Fire tisper og fire hanner spratt lykkelig rundt i skogen, mine hunder har ikkje helst på nokon av dei før, men det gjekk kjempe fint. Utrulig kor mykje enklare alt er når hundane er laus og ein slepp ha dei i band. No ligg hundane gode og trøtte rundt meg her, og kjenner det blir tidlig natta for meg og! :) Ingen bilder i dag, turte ikkje ta med kamera i regnværet..

måndag 14. januar 2008

Skubbing av bil og skitur

Etter ei helg i Bergen fann eg ut eg måtte oppom i Bergsdalen til pappa. Berre for å komme opp i snøen og få gått litt på ski. Men etter ei natt med regn var det ikkje særlig fint å gå på tur verken på ski eller sko. Klink is på vegane og tung djup snø i terrenget. Men fann ut at det måtte bli skitur i dag. Har for tida lånt meg ein bil, ein gammel golf som er broren min sin. Den er litt skral, men bedre med ein skral bil enn ingen bil! Sidan den ikkje er spesielt god på vinterføre, og vertfall ikkje på klink is, så var eg litt i tvil om eg skulle køyre med den i dag. Men fann ut at det sikkert gjekk bra siden eg berre skulle køyre fem min for å komme til eit litt bedre tur terreng. Alt gjekk veldig fint, eg køyrde veldig forsiktig, men så skulle eg snu. Eg køyrde til ein plass der eg ofte snur bilen, vegen er så brei at det fint går ann. Det er akkurat litt helling i vegen, men eg trudde jo ikkje det skulle vere noko problem. Men det vart det! Eg snudde bilen, rygga og sto på tvers i vegen, men då ville ikkje bilen framover igjen..uansett kor forsiktig eg var på gassen så berre spant bilen. Er veldig lite trafikk på denne vegen, så å vente på hjelp er igrunn ikkje noko alternativ. Eg satte bilen i fri og prøvde å skubbe bilen framover, det gjekk jo på eit vis, men når eg slapp så trilla den tilbake igjen. Eg hadde jo skisko på, og dei er jo kjempe glatte på is, så lett var det ikkje..Eg styrte på lenge og vel, og vart tilslutt så forbanna at eg klarte å trille bilen såpass langt at eg faktisk på merkelig vis kom meg inn i bilen, mens den trilla bakover og fekk den i gir og akkurat tidsnok til at framhjulet traff ein bar asfalt flekk så eg kom meg framover. Alt ein klare berre ein blir sint nok! Men det som var jo kjempe morsomt, var at når eg hadde kjørt 100m så kjem strø bilen, og han hadde nok hjelpt meg..men men, fekk meg ei god treningsøkt i å dytte bil...
Så var det å parkere bilen og få på seg ski, hundane hoppa glade og fornøyd rundt. Men var tungt for dei å gå. Wilma skulle berre gå bak meg i skisporet mitt, noko som er fryktelig irriterande, for ho trakker jo på skiene mine. Ho er nok bortskjemt med preparerte løyper på Geilo, og syns det var altfor slitsomt å gå i laus snøen. Mens mine hunder spratt rundt omkring. Var nok spesielt tungt for Eira som måtte hoppe heile vegen. Tungt var det for meg og, så vart ikkje ein veldig lang tur, eg var jo sliten etter bildyttinga og. :) Men me var no ute i nesten to timer, så slitne og gode alle her no.





Utsikt mot Vetlavatnet



Søte Wilma poserer



Dei to andre henger seg på når dei skjønner det er håp om Go Biter!



Og så må Kenzo tulle seg litt..han syns det er veldig festlig å stikke av med hanskane mine "Ka, eg har ikkje gjort noko gale!?"



Oppå toppane var det temmelig mykje vind, noko som vart veldig morsomme bilder av!


Hehe
Eira syns det var veldig kaldt å flakse med øyrene

søndag 13. januar 2008

Tur på Sotra

På fredag var me på tur med Lise, Heissi og Fira på Sotra. Hundane sprang laus og koste seg i litt varierende vær, men stort sett var det opphold. Og me to beinte fekk tid til masse hundeprat. Kamera var med i sekken og eg fekk tatt litt bilder, for me var heldige med været. Før på dagen pøste det ned med regn, så eg såg for meg ein veldig våt tur.



Kenzo og Fira har funne noko veldig spennande

Deilig å få springe laus og hoppe over knauser og tuer!
Søte Heissi, mammaen til Kenzo
Ikkje lenge denne damen står i ro
Kenzo sjekker utsikten
Kenzo venter spent på belønning "Eg sitt jo kjempefint!"
Til og med litt blå himmel fekk me sjå på turen
Eira ogFira er litt skeptiske,hmm skal me våge oss uti...
Fira vasser litt, Eira hopper på nærmaste stein. Heissi bader og Kenzo held seg merkelig nok på land..

onsdag 9. januar 2008

Årets første skitur

Har gått i mangen dager og hatt lyst på ski. Men skiutstyret har vore i Bergsdalen, og då har eg måtta gått på sko i steden. Men når eg vakna til deilig vinter vær i dag, med litt sol inni mellom, så fann eg ut at det var berre å reise og hente skiene, for i dag måtte eg på ski! Så me køyrde avgårde, men jo nærmare me kom Bergsdalen, jo dårligare vær vart det. Hmm, jaja eg skulle på ski i dag, så eg fortsatte. Når eg endelig kom fram, mykje snø og glatte veger over Hamlagrø, så var det snøstorm(litt overdrevet kanskje..). Men eg pakka med meg ski og satte kursen mot Voss igjen, fann ut at det sikkert var fint å stoppe på vegen heimatt. Men det vart ikkje særlig bedre vær på Hamlagrø, det dårlige været hadde tydeligvis flytta på seg. Men eg fann likevel ut at eg måtte ha meg ein skitur. Me kava oss fram i vind og snø, og hundane brydde seg ikkje om været! Me fekk oss ein god halvtime uten særlig snø og vind, og då var det fantastisk deilig å gå på ski! Men siste halvtimen heimatt var temmelig kald, mykje vind og snø. Men er deilig likevel, vertfall når eg no sitt framfor peisen med to trøtte hunder strødd rundt meg! Kameraet var faktisk med i dag, men vart lagt igjen i bilen sidan det plutselig vart "snøstorm", så vart mobilbilder i dag og..



Eira storkoser seg i snøen, men det er litt kaldt, godt eg hadde med dekken i sekken, sjølv om ho helst ikkje vil ha det på..


Kenzo utenfor hytta ved Torfinnstjødni

Deilig å vere på tur når det stilner og slutter å snø



Kenzo må vildle seg i snøen litt. Ikkje greit med mykje pels heller i all snøen, han har klumper av snø hengende under magen og potene


Eit lite tre som Kenzo kunne ha lyst å ha med seg heim...


Skikkelig ruskevær resten av vegen til bilen

Då fann Eira ut at det var lurt å gå bak meg i skisporet i le for vinden

tysdag 1. januar 2008

Brørvik ekspedisjonen


Brørvik

Brørvik er garden der morfar vaks opp. Han bygde også ei hytte der som stod ferdig i 1992. Den enklaste måten å komme seg inn der er med båt, men når isen ligg på fjorden, (og ikkje er trygg nok til å gå på) må ein gå "rundt" på fastlandet. Men hytta og gardshuset vert ikkje brukt i vinterhalvåret, så denne vegen er lite brukt. Torkjell hadde satt opp nokon mår feller i haust når han var i Brørvik på hjorte jakt, desse hadde han planer om å få sjekka i løpet av jula, men plutselig var jula over og jammen vart det nytt år og. Han klarte å lure meg og hundane med seg, eg trudde nemlig han hadde gått der før, så rekna med at me ville finne vegen. Det er nemlig ikkje merka eller sti store deler av vegen, for det er mangen år sidan fastlandsvegen har vore i bruk. Den vart kun brukt på vinteren når det var is på fjorden som ikkje var trygg nok til å ferdes på, og det har ikkje budd fastbuande på garden sidan 1945. Så me skulle altså gå skulevegen til morfar, det heile var jo igrunn litt spennande. Men då me kom til Eidsland der me skulle gå ifrå, og Torkjell ikkje heilt visste kor me skulle parkere bilen, forstod eg jo at han aldri hadde gått der før han heller. Men me kunne jo ikkje snu no når me var på plass. Me fann til slutt plassen der me meinte me hadde blitt fortalt at stien begynte, og parkerte og slapp ut tre elleville hunder som jo skjønte at me skulle litt langt avgårde på tur når sekken var komt på ryggen. Me fann ganske kjapt stien til Eidsstølen som me skulle følge eit lite stykke(kor langt visste me jo ikkje..) oppover, så me hadde vertfall starta på rett plass. Oppover bar det, og me gjekk og gjekk og gjekk og gjekk..me begynte å gå innover langs fjorden når me meinte me(broren min) var komt langt nok opp. Terrenget opna seg litt og det vart lettare å gå, midt i ei steinur stoppa me opp litt ved nokon tre som var merka med lyseblå maling. Eg måtte ringe til mamma å høyre om me var på rett veg, ho har nemlig gått vegen for nokon år sidan og merka og rydda litt så det skulle vere enklare å komme seg fram. Merka me fann var faktisk morfar sine, så me var vertfall på rett veg. Me gjekk etter desse ei stund, men plutselig var dei vekk. Kameraet vart sjølvsagt glømt igjen heime, så mobilen var kamera i dag og..


Hmm, opp eller ned, fram eller tilbake???


Bratt og langt ned


Mamma sa på telefonen at det var ein plass det var veldig viktig at me traff på rett plass, ellers kom me oss ikkje forbi p.g.a at det var så bratt og smalt. Grøss og gru tenkte eg då! Eg fekk broren med på å gå litt lenger opp, for syns det var rart at merka forsvann så plutselig, og visste at me ikkje skulle lenger nedover vertfall. Og jammen santen hadde me flaks igjen, me kom over ein slags sti og raude merker som var dei mamma har laga nokon år tilbake. Då gjekk alt så mykje bedre og me fulgte dei raude merka eit godt stykke. Me kom oss over på rette plassen på det smale partiet, og landskapet opna seg på nytt opp og me kunne sjå litt meir kor me skulle gå. Då skulle det vise seg at me skulle få litt ny spenning no som me visste resten av vegen. Me kom over ei myr med mykje tydelige hjorte spor, Eira og Ozzy fauk avgårde i ein vill fart. Eg tenkte ikkje på å rope dei tilbake, for trudde jo ikkje hjorten var så nær oss. "Eira spring vel berre etter Ozzy" sa eg til bror min. Men neida, ei lita stund etterpå ser me eit kvitt lyn som fyk mellom lyng og tuer med ein Shâfer på slep. Etter ei lita stund høyrer me ein rar lyd akkurat som eit bjeff, var nok hjorten som prøvde å skremme Eira, men så kom ulven Ozzy og hjorten fann vel ut at det var best å vandre videre. Me beveger oss litt mot der me trur dei er, og der kjem hjorten springande nesten rett mot oss med Ozzy og Eira etter seg. Torkjell får fanga Eira på eit eller anna vis, me har jo ropt lenge på dei no, og hundane viser ingen tegn til at dei ønsker å avbryte jakten. Eira vart nok litt satt ut når ho slo av jakt moduset litt og plutselig såg meg komme springande og gaulande mot seg. Men når ho kom i band igjen var ho heilt vill etter å få springe meir. Ho fortsatte å dra og pipe i sikkert 20 min. til. Ozzy kom springande han og, fann nok ut at hjorten var langt vekk. Kenzo er for feig til å springe nokon plass, han held seg heller med meg, veldig gira på sporene han og, men ikkje tøff nok til å ta opp jakten. Med andre ord ein veldig behagelig hund å ha med på tur! Eira derimot slepte meg nedover mot hytta, eller helst i retning mot hjorten, noko som ikkje er spesielt kjekt, men jakt hund er jakt hund. Broren min var fornøyd med at ho "virka" på hjort og, så han vil vel låne ho med seg til høsten tenker eg. Sjølv om simla såg ut som ho ikkje kunne brydd seg mindre, lunta forbi oss i rolig fart med to hunder bak seg. Akkurat som om ho var klar over at det var "vinterferie" og ingen fare for "ekte" jegere på tur.


Missfornøyd Eira i band

Så kom me endelig fram i Brøvik, og det var nesten merkelig å komme vandrande ut av skogen å gå rett inn i tunet. Vanligvis kjem me jo i båt nede med fjorden, og ser alt frå eit heilt anna perspektiv. Me hadde faktisk ikkje gått i meir enn to timer og tjue min. men når me gjekk så mykje opp og ned, fram og tilbake, under stein og over stein, ja så virka det som ein evighet. Veldig godt var det uansett med nistepakke og kaffi i hytta.


To slitne hunder utenfor hytta




Hytta


Huset og stabburet på garden

Torkjell skulle sjekke fellene og gjekk like godt ein omveg tilbake! Eg og hundane fulgte samme vegen tilbake og me skulle møtes oppe på myra der hjorten hadde vore. Me kom til myra og klokka nærma seg fire, eg fann ut at det var like godt å berre fortsette å gå, ikkje lenge dagslys om dagen sjølv om sola har snudd, og i veldig ulendt terreng, der eg deler av vegen ikkje visste kor eg skulle gå, ja så ville eg vertfall sjå at eg gjekk feil. Me fortsatte oppover og bortover og visste at eg var på rett veg. Då blir sjølvsagt hundane igjen heilt sprø og det er tydelig at me har hjort i nærheten igjen. Eg kaster meg, ja faktisk kaster meg etter langlina til Eira og får fanga ho før ho stikk avgårde igjen. Kenzo spring avgårde men kjem når eg bruker fløyta, flinke guten! Eg drar med meg Eira og fortsetter langs stien på veg heim.


Begynner å mørkne...

Det vert mørkare og mørkare, og eg klarer ikkje lenger å sjå noko merker på trea, og heller ikkje noko sti. Kenzo begynner å vegre seg mot å gå nedover, spesielt i steinurene som det er veldig mangen av. Eg må lokke og lure, og tvinge han med meg, faktisk bære han eit lite stykke, for at han så spring tilbake der me kom frå, og eg må hente han igjen.. Eg blir heilt oppgitt til slutt når eg finn ut at det nesten er farlig å bevege seg når eg omtrent ikkje ser nokon ting, og eg berre halvvegs har idê om kva veg eg skal gå. Eg lister meg framover og lokker Kenzo med meg. Eira er tydelig trøtt etter ein lang dag med mykje hopping og springing, og vil gjerne sitte på fanget eller skuldrene når eg sett meg ned. Så får eg endelig tak i Torkjell (som har vore uten signal på mobilen), og han har hodelykt så då venter eg på han.
Ei lita stund etter ser eg lys i mørket og Ozzy kjem hoppande mot oss. Då har me faktisk komt så langt at eg ser lys nede i skogen under oss og rekner med at dette er der bilane står. Men om me skal gå rett ned eller lenger bort er me ikkje enige i, eg vil helst gå rett ned, for no er eg lei og drømmer rett og slett om å komme meg i bilen. Men Torkjell meiner me bør gå litt lenger bort og kanskje over den haugen. Det blir midt i mellom, litt på skrå nedover, og med hodelykt så ser me jo vertfall litt, men no snubler eg og vrir kneet og kutter meg i fingeren! Eg kjenner ikkje så mykje i begynnelsen, berre at det svir i fingeren egentlig. Og me kjem oss faktisk ned til bilen uten å brekke verken bein eller armer. Mamma sendte meg ein bekymra melding når eg var aleine i mørket og trudde eg aldri skulle komme meg nedatt, som eg fornuftig venta med å svare på til eg kom i bilen, men ho skjønte jo det at me hadde gått i mørket..er ikkje alt ei mor har godt av å vite..
Men eg overlevde, sjølv om kneet ikkje er godt, og eg blødde veldig frå fingeren. Sjølv om eg tenkte når eg kom i bilen, dette gjer eg ALDRI igjen, så gjer eg nok det, berre ikkje i mørket! For alt i alt var det ein fin tur! :)