laurdag 29. desember 2007

Julegåveopning

Hundane fekk sjølvsagt pakker i år og, dei fekk åpne sjølv, noko spesielt Kenzo og Eira syns var stas. Eira fekk seg ny mastskål og den var ho så fornøyd med at ho ville dra den med seg under bordet, og skåla var laga av keramikk...MIN MIN MIN! Dei fekk og kvar sine leiker som alltid er kjekt å bytte litt på utover kvelden..


Heile gjengen samla framfor treet før pakkeåpning


Kenzo begynner med åpning med ein gong


Kikker litt misstenkelig rundt seg, denne er MIN altså!







Kenzo var kjempe fornøyd med leiken han fekk!



Wilma syns det var like mykje stas med papiret på, "Tenkt at eg fekk og!"


Måtte ta seg ein runde og vise til alle


Men så reiv ho av papiret ho og


Ozzy fekk ball med tau i


Eira sin tur...




"Sjå, eg trur det er noko inni her!"


"Åhh, ein ball med bjelle inni, JUHU!"


Wilma sitt tolmodig og venter til Kenzo er ferdig å ete, tilfelle han ikkje skulle få med seg alt, så kan ho vere sleikepott..


Torkjell er på loftet, og det er ikkje heilt enkelt for Ozzy...


..han har så lyst opp, men tørr ikkje gå i trappa, så då venter han likegodt midt i den i steden..


Eira var under treet og fann seg fleire gåver som ikkje var sine, og vart veldig forundra når ho ikkje fekk åpne alle ho fann..men eit tomt gavepapir det fekk ho lov å leike med.

fredag 21. desember 2007

Brr.kaldt...

Har vore kaldt på Voss i det siste, -14 midt på dagen, brr...så når eg skulle ta julekort bilder, så vart det innendørs, orka ikkje ta med kameraet på tur, hadde blitt iskaldt på fingrane! Men det vart ikkje så aller verst bilder inne heller...


Eira er ikkje heilt sikker på kva ho syns om denne sløyfa..


Men det kom seg etter ei stund


Kenzo poserer som alltid fint med ein gong, han er fødd fotomodell han! :)


Eira og klarer seg bra, ho veit ho må for at mor skal bli fornøyd, hehe


Gadd ikkje ein gong rydde kjøkken golvet, det tok eg i photoshop etterpå, tihi...



Og så det ferdige produktet, syns det vart fint eg, hundane er jo nydelige, så då er det jo ikkje noko problem! :)

fredag 14. desember 2007

På jakt etter julestemning



Då er det berre 11 dager til jul har eg hørt..så i dag fann eg ut at eg måtte finne litt julestemning. Så då var det på med julemusikk, og fram med symaskina, måtte sy meg i julestemning. Fann eit bilde av ein slags firkanta pose som eg tenkte skulle bli flott å sy. Men jammen måtte eg tenke lenge og vel på korleis dette skulle gjerast. Men kom no fram til ei slags "oppskrift" til slutt, og så var det måling og klipping. Deretter skulle det syast sammen og vrenges for så å bli ein fin pose som kan fylles med f.eks mandariner, nøtter eller anna juleknask. Syns ikkje den vart så værst til å vere første posen, får eg dilla no så blir det mangen fleire...men litt høg syns eg, vertfall til å ha klementiner i, skulle vore litt breiare, men det kan eg jo lett fikse på neste.
Så vart det oppstilling i stova med dei søte små julestjernene som eg berre måtte kjøpe i dag.


Putene som eg sydde for to år siden, sist eg hadde dilla på å sy...
Nei det er ikkje ei julestjerne, men ein snøkrystall! Er det ingen som ser det?????

Ganske julete i stova mi no syns eg, så no rekner eg med at julestemningen kjem snikande, ellers er det berre å sy litt meir! :) skal berre sjå det blir juledekken til Eira og i samme slengen, hmm...god idê. "NEI" seier Eira

tysdag 11. desember 2007

Personlige trenere

Her i huset går det ikkje ann å få gjere noko i fred uten å få "hjelp". Hundane liker å vere med på ALT eg gjer og litt til. Hvis eg skal vaske golv, hjelper dei til, hvis eg skal skrive e-post, hjelper dei til, (Eira har fleire gonger klart å sende avgårde halvskrevne e-poster, hvis eg er så dum å gå på kjøkkenet ein tur, korleis ho gjer det??? Ikkje veit eg, litt tramping på tastaturet og vips, Avgårde Kåre!) hvis eg skal sy med symaskina hjelper dei til, hvis eg lager middag, hjelper dei til. Det einaste eg får gjere i fred er å støvsuge, dei er begge litt redd for støvsugeren, i alle fall Eira, ho flykter! Så når eg skal trene, då er dei der med ein gong, og skal hjelpe meg så det blit litt meir moro å trene. Og av og til blir det jo og det, for eg må berre le, Eira skal helst stå oppå magen min, eller ryggen, uansett kva øvelse som skal utføres. Antagelig for å gjere det litt tyngre for meg, så det skal bli litt meir trening. Kenzo står helst over meg med eit eller anna i munnen, i leikemodus, og då får eg virkelig trent magemusklene for eg ler og ler og ler...av og til blir eg sur og irritert og då får eg vere i fred, men stort sett blir det tull og fjas. Og på treningsbenken til pappa, ja der liker Eira seg veldig godt, sitt der gjerne litt uten at eg trener og, berre sånn for moro skyld. Personlig trener er jo flott å ha, eg har til og med to, og heilt GRATIS!





fredag 7. desember 2007

"Gammal" film

Var inn på den gamle maskina mi og kikka idag, prøver å få kopiert ut alt som ligg der sjølv om maskina ikkje er heilt samarbeidsvillig...då fann eg uansett denne filmen frå i vår. Denne turen var då eg hadde med meg fem hunder på tur. Har heilt glømt denne artige filmen, mykje rart ein finn gitt! Kenzo pleier normalt ikkje gjere sånt, så at eg fekk filma dette er ganske utrulig, berre sjå så artig!


onsdag 5. desember 2007

Dårlig vær...

I dag er det regn, regn og atter regn. Fann ut eg måtte legge inn litt bilder frå i går og mandag, då var det nydelig vintervær.


Nyter utsikten



Deilig med sol og fint vintervær



Blir fort mørkt om ettermiddagane

Ny deilig dag med vinter og snø. Kenzo og Eira leiter etter mus





Søte gutten min!

Herlig snø kunst

Ikkje særlig lurt med mobilkamera i skumringen om vinteren, men når eg gløymer kameraet, så er det jo bedre enn ingenting.

Wilma har skjønt at når det er fotografering, då er det håp om GoBiter hvis dei sitt fint, så ho kom springande og ville vere med på photoshoot! :)
Sånn ser det ut her i huset idag, sidan eg ikkje gidd gå ut i møkka været, så herjer dei rundt på golvet...
Heile gjengen i ei klynge