torsdag 28. februar 2008

Det snør det snør, tideli bom....

I Bergsdalen er det full vinter igjen, snøen har dalt ned i dagesvis. Også på skituren vår idag. Eg syns det er kjempe herlig, no må det jo bli igjen snø til påske! :) Var tungt å gå, spesielt for Kenzo, han sank nedi ganske mykje. Så på slutten skulle han absolutt gå i mine spor, og då oppå skiene mine, og det er veldig ekkelt med ein golden bakpå, så me var litt uenige på slutten av turen. Og i nedoverbakkane skal han absolutt springe rett framfor meg, noko som også er veldig ekkelt. Så eg datt eit par gonger for eg var redd for å køyre på han, og det er gøy det! "Sjå, ho vil leike med oss i snøen! Kom igjen! JIPPI" Då skjønner dei ingenting hvis eg blir sur fordi eg ikkje kjem meg oppatt når dei sprett rundt meg. Dei ser på meg som to spørsmålstegn?? Men eg blir jo fort blid att, for eg må jo berre le til slutt. Dei er jo så skjønne begge to! Fekk tatt litt bilder i snøværet, hundane koser seg veldig!

Øyrene til Eira stod rett ut etter løpetida av ein eller anna grunn, dei har vore bra lenge no. Så då må me på med litt teip nokon dagar for å hjelpe dei litt. Eira liker ikkje dette spesielt godt og søker trøst hjå storebror.."Berre pass deg, ellers tar ho øyrene dine og!" Kenzo føler seg visst ikkje heilt utenfor fare ser det ut som..


Her har det vore ryper, veldig spennande!


Snus snus


Kenzo lurer på kva Eira har funne, men held seg stort sett med meg

Eira går heldigvis ikkje langt avgårde ho heller

Kenzo får aldri ha pinnane sine i fred...


Tette snøbyger på heile turen

Kenzo fann ut at det var best å grave seg ned i tide!

Kenzo samler på snøballer som han skal ta med seg heim..
Veldig kjekt å leike med broren sin igjen!

måndag 25. februar 2008

Gledelig gjensyn

På fredag henta eg Eira i Bergen, var veldig kjekt å sjå ho igjen. Og trur ho var fornøyd med at eg kom ho og! :) Fekk ein enorm velkomst, og den varte leeenge. Kenzo vart sittande igjen i bilen, ville jo helse på ho aleine sånn at eg fekk all oppmerksomheten,hihi. Når me hadde roa oss ned litt, tok eg ho med ut for å helse på Kenzo, åå dei var så skjønne! Eira la labbane rundt halsen på Kenzo akkurat som om ho gav han klem, og det gjorde ho fleire gonger! Så søtt! Skulle absolutt hatt kamera då! Kenzo logra veldig, og snuste nøye på ho om løpetida var over, og det var den.

Thomas tok bilder av oss...


Veit ikkje kven som smiler mest!?


I helga har det vore mykje herjing, Eira hadde nok litt energi til overs etter ei veke som by hund, og Kenzo er som oftest lett å erte, så dei har fått herje frå seg og no er ting som normalt igjen, rolige inne og herjing ute. Før me reiste frå Bergen fekk me låne badekaret og bade Eira, noko ho slettes ikkje liker, men er veldig deilig etterpå, då blir ho heilt sprø. Spring rundt og ruller seg i sofa og på tepper. Ho har også blitt nappa litt i helga, rydda litt opp i buste ansiktet, og fått nappa beina, noko som er såå ekkelt! Men fin vart ho vertfall!



Nybada missfornøyd Eira..



Åååå deilig å riste seg!



I mangel av trimmebord blir alt mulig anna tatt i bruk, denne gongen oppå peisen


Fornærma, napping er det kjedligast ho veit...


Men fin vart ho!


Måtte prøve å ta nokon bilde av vinteren i månelys, ikkje så enkelt, men dette bildet vart ikkje så aller verst..

torsdag 21. februar 2008

På tide å hente Eira..

No begynner eg virkelig å savne Eira..no har ho vore vekke i over ei veke! Og idag kjenner eg at det begynner å bli lenge nok, og heldigvis, i morgon skal eg hente ho! Eg og Kenzo har hatt ei fin veke, me har fått trent på all slags ting når me er ute på tur, ikkje like lett når eg har med meg begge to. Og me har også hatt ein del økter lydighetstrening inne, (sidan været er så kjipt!) og det er heller ikkje så lett og få til med to hunder. Men mini fellesdekk har me jo ikkje fått trent! Hehe, så no må Eira komme heim igjen! Kenzo har blitt meir opptatt av meg desse dagane, han liker helst å ligge med beina mine, noko han aldri gjer ellers. Og han kjem frivillig for å få kos, det er heller ikkje vanlig at han gjer. Så han er litt annaleis aleine, men merker at det har blitt litt lite leiking, han er litt utolmodig på kveldane, lurer på om me ikkje skal finne på noko? Er så kjedelig! Så eg er spent på reaksjonen til både Eira og Kenzo når dei treff kvarandre igjen i morgon, dei pleier jo bli elleville når dei treff Wilma f.eks, så må jo bli kjekt for dei å treffe kvarandre igjen.
Litt bilder frå i går, då var det faktisk nokon timar med sol, og me gjekk oss ein tur langs Vangsen, og då blir det bading!

Klar for action!
"Ser du så fint eg står? Kast ein stein då!?"
På slutten av turen traff med Brita med hennes tre fir` beinte
Trico er sikker på at eg har noko snop siden eg heile tida kaster noko, men det er nok berre små stein i vatnet til Kenzo..

Kenzo, Sessa og Linnea
Til slutt litt bilder som Jorunn har sendt meg frå Eira sitt opphold i Bergen, ser ikkje akkurat ut som ho har lyst heimatt..

Snakk om heldig lita frøken!

"Åhh, ikkje forstyrr, eg prøver å sove her!"

Blir fort litt tøys..

Tennisballen er god å ha!

måndag 18. februar 2008

Pels stell og bading

Fann ut at Kenzo måtte få seg ein klipp idag, sjølv om han var ganske uenig i at det var nødvendig. Men fekk han opp på kjøkkenbordet og han stod og satt i ro ei god stund, men det er jo temmelig kjedelig og han vart litt utolmodig på slutten. Eg lokka med at han skulle få seg ein badetur i belønning hvis han var flink, trur jo egentlig ikkje han skjønte kva eg sa, men han var vertfall flink etter det. :) Med den enorme pelsen han har så tek det jo litt tid, og når eg skal både holde og klippe med ein hund som ikkje alltid er like samarbeidsvillig så er det ikkje berre lett. Men eg er fornøyd med resultatet likevel, vart bedre enn sist, så øvelse gjer mester!

Er ein del pels som skal av når eg først vaser meg til å klipper...

Men åå så pen han vart!

Eg syns det såg litt kaldt ut med bading, sjølv om det var 8 grader i lufta, men han bryr seg ikkje om det ligg is på vatnet..
Så deilig å bade!
Ein ivrig gutt som håper eg kan kaste ein stein snart?
Halve hunden forsvinn når han bader, pelsen står vanligvis rett ut..

søndag 17. februar 2008

Utrulig stille her om dagane..

På torsdag reiste eg til Bergen med Eira. Ho har hatt løpetid ei stund og eg orker ikkje alt styret med begge hundane i huset under løpetida. Og Jorunn og Thomas ville gjerne passe Eira denne gongen, sist løpetid var Kenzo i Bergen. No har ho vore der i fire dager og alt går berre bra og dei koser seg med go jenta mi, håper eg får ho tilbake når løpetiden er over! Er veldig stille og rolig her, merker nesten ikkje at eg har hund i huset, Kenzo er veldig rolig og maser ikkje på kos og oppmerksomhet sånn som Eira gjer. Trur han syns det er godt med ein pause frå rampe søstra, ho kan jo bli litt plagsom innimellom. Han viser ingn tegn til å savne ho vertfall, er fornøyd og glad som vanlig. Eg og Eira har ikkje vore frå kvarandre så lenge før, så det er jo rart å vere uten ho, så kjem nok til å savne ho litt før ho kjem tilbake!
Eg og Kenzo var på besøk på Sotra til Lise og Heine torsdag når me var nedover med Eira. Fekk knipsa litt bilder av dei skjønne hundane.


Søte lille Oia som ikkje er så liten lenger, 6.5 mnd gamal


Nydelige Fira!


Skjønne Heissi mammaen til Kenzo, han likner kjempe masse på mammaen sin!


Søte Pippi ser bedande opp på Eva om ho ikkje skal på tur snart?


Oia og Fira herjer på golvet


Pippi tar det heile med stor ro!

tysdag 12. februar 2008

Skitur til Skarvevatnet

Enda ein deilig dag med nydelig vær, så eg fann ut eg måtte ha meg ein skitur. Hundane blir veldig gira når eg pakker i sekken og dei skjønner fort at me skal på tur. Utrulig varmt i sola, og ein skulle virkelig ikkje tru at det var 12 februar, heller 12 april. Får håpe det kjem litt meir snø før påske, ellers er eg redd alt er vekk før den tid. Det er alle rede busker, lyng og knauser som stikk opp av snøen, sånn som det pleier vere etter at påsken er over. Og påske uten skitur med Kvikk Lunsj, appelsin, kakao og gnagsår, det blir jo ingen skikkelig påske! Så håper på meir snø her!

Ope vatn i osen på Skarvevatnet
Kenzo har funne seg ein veldig spennande hòl
Kenzo tygg på ein stor isklump mens eg drikk kakao
Wilma fann seg ein litt mindre ein..
Skyene kjem snikande..
Eira vil gjere noko meir spennande
Poserer for fotografen
Søte snuppa!
Gjekk ann å sitte oppå der og
Veit ikkje heilt korleis ho kom seg opp, men det var vel hopp og sprett..
Wilma syns det var lurt å passe på sekken med Frolic oppi..
Æsj, der forsvann sola bak skyene..
Og plutselig vart det heilt overskya, og då vart det kaldt! Heldigvis kan eg fjellvett reglene, i alle fall den siste;
10. Lær deg fjellvettreglene og følg dem!
Hadde sikkert vore meir praktisk å kunna dei andre...