måndag 29. september 2008

Eira norsk utstillingschampion!

Eira var på utstilling på lørdag for å prøve å få fatt i det siste certet. Og det gjekk veldig bra! 1ak,1akk ck,1btk cert og BIM. Og dermed vart ho norsk utstillingschampion :D Hadde ikkje med meg fotograf, så vart ikkje tatt nokon bilder, men skal få tatt nokon bilder no når ho er nynappa og fin.
Eira var påmeldt på søndag også, men det frista ikkje så veldig å reise heilt frå Voss og nedatt tidlig på søndag, så me gjekk oss heller ein lang tur. Då fekk jo Kenzo også ein kjekk dag ilag med oss, og ikkje berre venting i bilen..

Update: Fekk tatt nokon bilder idag, men det var lite interessant å stå i ro, så bildene vart no sånn passe..ikkje ville ho logre som ho egentlig alltid gjer ellers, så halen hang rett ned..me får prøve igjen ein annan gong med GoBiter i handa :D




"Dette er så kjedelig..eg veit eg er fin men bli no ferdig å ta bilder av meg!"

Kenzo og Eira har fått nye kallenavn; Eira sjampingjong og Kenni kantarell ;)

måndag 15. september 2008

Eira 2 år!

Lille snuppa mi er alle rede 2 år!


Dette bildet er frå dagen eg henta Eira, for snart to år sidan.


Nydelige jenta mi! Ho veit det lønner seg å stille seg fint opp ;)


Kenzo og Eira vart fort veldig glad i kvarandre, her varmer Eira seg på storebror


Vart ikkje så mykje feiring av dagen, men ho fekk no litt ekstra GoBiter. Dagen vart feira med tapetsering i nye huset til tante og onkel :D


Ikkje heilt enige om kven som eig den biten med tapet, så då er det berre å vente til ein av dei gir seg, og det er som oftest Kenzo ;D

søndag 7. september 2008

Mykje om mangt og alt mulig...

Me har flytta frå Voss til Bergen. Eg har begynt på skule, landmåling og eiendomsdesign på Høgskulen i Bergen. Kenzo og Eira har blitt by hunder, men bur for tida mykje hjå tante og onkel i Inndalsvn. siden leil. som Erik har ikkje er lov å ha hund i. Og å finne ein annan leil. der det er lov med hund virker på noverande tidspunkt heilt umulig! Så eg er innom dei for å lufte og kose litt med dei kvar dag, men så må eg reise frå dei igjen. Er veldig kjedelig å ha det sånn, men akkurat no er det ikkje mykje anna å gjere. Eg håper me finn ein ordning på det snarast! Eg savner jo å ha dei rundt meg heile tida sånn som eg er vant med, og det er vel litt rart for dei også sjølv om dei har det veldig bra med tante og onkel!



Ikkje så aller verst å lufte seg i byen heller, er jo plutselig ein bekk her og der :D

Så når helgene kjem og me reiser til Lunde så er det så deilig å ha heile helga ilag alle sammen! Og denne helga hadde eg store planer om å få gått litt spor med begge to, og leite etter rev og hjort oppi skogen her. Fredags kveld sprang me til skogs med ein gang me kom oppover, og det var kjempe deilig å kunna ha hundane springande laus og dei fann mykje interessange lukter på veien.

På veien heimatt går me langt ein skogs vei, før me skrår nedover inn i skogen igjen og over eit beiteområde. Her går det vanligvis ingen dyr, men no er værane sluppe opp her, noko eg ikkje visste om. Eg gjekk gjennom grinda, og var vel ommtrent komme halvvegs inn på beitet når det plutselig kom fire værar frå kvar sin kant mot oss. Eg fortsatte berre nedover, og dei fulgte etter. Dei kom heilt bort til oss og ville stange Kenzo, eg gaulte og spente etter dei, for Kenzo vart kjempe redd. Eira ville no helst ta igjen, så ho måtte eg holde igjen så ho ikkje fekk seg ein kakk. Ho er ikkje redd nokon ting, samme om det er mygg eller elefant så er ho på hugget med ein gong! Me fortsatte nedover, og værane vart ståande igjen ei stund før dei kom springande nedover etter oss. Eg vart litt bekymra for kva dei ville finne på, men eg klarte å fortsette nedover uten å bry meg med dei. Då me kom ned til neste grinda hadde dei komt heilt i beina på oss igjen, og Kenzo prøvde å rygge igjennom gjerdet, for dette syns han var ekkelt! Eg snudde ryggen til dei for å åpne grinda, og då fekk eg meg ein dytt i foten så eg sklei og datt ned i ei grøft. Dei stanger temmelig hardt desse værane. Mens eg låg der og sprella og banna, stod dei berre der og såg dumt på meg og lurte på kva eg balte med. Forbanna dumme sauer! Heldigvis gjorde dei ikkje noko meir, dei kunne jo ha tråkka med ned! Eira var tydelig veldig oppgira og ville bite dei i beina og i halsen. Eg kom meg på beina og ropte og spente etter værene, for då var eg temmelig forbanna. Dei vart heldigvis ståande i ro til me kom oss gjennom grinda, Eira tok seg ein tur innatt til dei og, for ho var ikkje ferdig med kampen! :D Men ho kom når eg ropte. Først no kjente eg at eg hadde veldig vondt i foten! Eg humpa meg nedover, men måtte bli henta og kjørt resten av veien heim. Og så fulgte mangen timer med veldig mykje au au. Eg sov ikkje så veldig godt den natta for å seie det sånn..



Her er foten "dagen derpå", ser ikkje heilt bra ut, temmelig hoven. I dag er den ikkje så vond lenger, men eg kan fremdeles ikkje gå skikkelig på den, og det verker heile tida. Men det som irriterer meg mest er at eg ikkje kjem meg framover, eg får ikkje lufte hundane no når eg har tid, og fekk heller ikkje gått noko særlig spor med dei. Så eg sitt no her, og humper rundt litt innimellom. Hundane skjønner ikkje kvifor eg plutselig er så lat, men dei finn seg no i det og. Kaisa (hunden til Hilde) er her og idag på besøk, så dei har no litt selskap i ho då i det minste. No berre undrer eg på korti foten blir bra igjen, eg orker ikkje sitte i ro lenger!!

måndag 18. august 2008

Kroatia

Då har eg henta meg inn igjen frå ferie og bursdags feiring, så no kjem det endelig eit blogg innlegg..Tok over 500 bilder på turen, så har nok bilder å velge i mellom..Dei to første nettene budde Bjarte, Hilde, Emil, Erik og eg i ein leil. i ein liten idyllisk landsby som heiter Cavtat. Stille og fredelig med restauranter og salgsboder langs sjøkanten.

Restauranten som me åt på tre dager, god mat, vin og service!


Dørhåndtaket på leil. me budde i dei to første nettene. Eg er jo født i løvens tegn, så syns det passa veldig bra!


Stranda me koste oss på fleire dager. Veldig varmt i sjøen og nesten altfor varmt på land..


Pivo var eit av dei første kroatiske ordene me lærte oss, øl må me jo ha! ;)

Huset me budde i resten av ferien låg ca 20 min kjøring frå Dubrovnik, og 20 min gange til stranda. Druer og oliven tre i hagen. Temp låg på 30 grader i skyggen, så det var til tider altfor varmt i sola.



Dubrovnik by night

Me tok buss inn til Dubrovnik på handle og sight seeing tur. Forsvars murane rundt gamlebyen i Dubrovnik var veldig fasinerande!
Onkel har kjøpt is til Emil

Var ikkje lenge før me vart litt tøste og fann denne Irske Pub`en i ei bakgate.
Og når det i tillegg var Happy Hour, så var jo saken klar!


Emil har alle rede skjønt kva som er det beste ølet!

Solnedgangane var veldig vakre der nede, her i Cavtat

Me reiste ein dag på båttur til øya Lokrum som ligg utenfor Dubrovnik, veldig merkelig å komme ut der til ei veldig grødrik øy når det på fastlandet fremdeles er store skadet etter krigen i 1991-92.


Veldig mangen hotell langs kysten som fremdeles ikkje er restaurert, med tydelige kulehòl og knuste ruter. Byen Dubrovnik i sør og andre byer langs Adriaterhavskysten var ei tid beleira og vart bombardert.


Emil fann seg ein traktor på øya.

Ikkje berre små gutar som syns det var kjekt med traktor...
Ikkje særlig populært når me ville gå videre...
Her ser ein tydelig forskjellen mellom fastlandet og øya Lokrum. Båtføreren fortalte og viste bilder frå før krigen, då var fastlandet like grøderikt som øya er no.



På øya var det ikkje lov å røyke, eller tenne nokon form for ild, og det gjekk politi rundt og passa på at ingen brøt reglene! Dei var temmelig hissige desse politi mennene me møtte på..


Utsikt mot gamlebyen i Dubrovnik.

Erik og eg var på biltur ein dag og havna plutselig i Bosnia! Her bilder frå den Bosniske landsbygda.
Me hadde ein kjempe flott ferie, og hundane har kost seg heime. Var no likevel godt å komme heimatt og, for eg savna jo sjølvsagt dei fir` beinte, men går jo greit når eg veit dei har det bra!




Jorunn og Thomas har kjøpt seg nytt kamera, så då vart det oppstilling og fotografering i hagen!
Eira har blitt veldig glad i onkel Torkjell etter å ha vore med Shâferen og onkel ei heil veke.
Bursdagsklem!

torsdag 24. juli 2008

Sommer


Kenzo og Eira har fått seg ein ny "beste uvenn" :) Nino som er blanding av Dobermann og Rottweiler bur på Lunde og er naboen til Erik. Han har litt lyst å sjefe over Kenzo så det har blitt litt bråk. Og så er Nino veldig begeistra for Eira, han syns nok det er urettferdig at Kenzo har ei sånn søt lita dame :) Og når Nino bråker med Kenzo skal Eira forsvare broren sin, så ho heng seg i øyrene på Nino, er jo litt artig å sjå på, men ekkelt og. Det har no gått stort sett bra, men Kenzo har fått nokon sår i nakken og Nino i øyre etter at Eira hang der. Ikkje mykje pyse den dama der nei, ho ser nok at Kenzo treng hjelp, for han gjer ingenting..Så no har me dei i band når me går på tur ilag, då går det bra, men hadde jo vore kjekt om dei kunne sprunge laus ilag uten at det vart bråk.



Nino er også veldig glad i å bade


Deilig å få springe laus i bakkane på Lunde, hundane hadde nok flytta her på dagen! :)
No reiser eg snart til Kroatia i ti dager, blir veldig rart å vere uten hundane så lenge, kjem nok til å savne dei veldig! Dei skal vere i Brøvik med "besteforeldrene" sine, Wilma, Ozzy og "onkel" så dei kjem nok til å kose seg.

måndag 16. juni 2008

Endelig hi-trening!

I går kom me oss endelig på hi-trening. Uten bil så er det ikkje lett å komme seg avgårde, men i helga fekk eg låne bil og då måtte me nytte sjansen til å vere med på trening. Eira satt og hylte i bilen heilt frå me kom fram til det var hennes tur i hiet, så ho var tydelig veldig gira. Ho skjønte fort kva ho skulle gjere, og den frøkna er ikkje akkurat lett skremt, så reven fekk ein del kjeft :D Dei skrytte av Eira desse som kan dette her, så eg gleder meg til å fortsette å trene. Og for å vere første gangen, så syns eg det gjekk veldig bra. Ho ville ikkje innatt i bilen etterpå, men var roligare enn første gongen ho måtte vente. Og etter to turer i hiet var Eira temmelig sliten og sov godt i buret sitt på vegen heim. Så no gleder me oss til neste gong! Av ein eller annan grunn får eg ikkje lov å legge ut bilder, kanskje eg må skifte blogg snart, vore litt tull i det siste...
Hundane har også fått gå spor i helga, noko som gjekk veldig bra for begge to. Men i dag når Eira skulle gå spor, hoppa ein hare framfor oss i sporet, og då ville ho ikkje gå på mitt spor lenger, så eg berre avbraut og satte ho i bilen. Kenzo gjekk veldig bra, og med stor iver, heilt tydelig at han elsker å gå spor!

torsdag 5. juni 2008

Badetur

Eg er elendig på blogginga for tida, men i dag har eg hatt med kameraet på tur, så no blir det massevis av bilder frå den herlige turen vår :D
Kenzo er jo gal etter å bade, så han syns alltid me bør gå rett ned til Vangsen, men eg er alltid veldig streng å vil gå på tur også. Så etter ca ein time gjekk me endelig ned mot vatnet. Og det til stor glede for dei fir` beinte for i dag har det vore veldig varmt.
Vart masse rare bilder, skulle tru dei gjorde seg til for kameraet ;D


Det beste i heile verda er å bade!


Sååå deilig!


Ristings


GAL ristings LOL


Så fornøyd!


Søte snuppa mi!



Enda meir galskap ristings..


Eira bader og, gjer akkurat som storebror!


Då er det deilig å slappe av på teppet og varme seg litt etterpå



Når Kenzo bada (som var heile tida) fekk eg og Eira trent litt lydighet, og belønning var tennisball, JUHU!


Lykkelig!


Slapper av i graset


Supert dette her!


Lykkelig!



Litt vidling vart det også tid til


Eira likte veldig godt traktor eggene til Erik, så ho spratt opp og ned på dei ho kom over :D