onsdag 25. juli 2007

Blodspor

Kenzo og Eira har gått blodspor i dag. Begge gjekk spor som låg over natta i ca tretten timer. Eira skulle gå først, men var lite interessert i blodsporet, sauene som gjekk rett bortanfor var mykje meir spennande..Ho vart defor putta i bilen igjen, og Kenzo fekk gå i steden. Kenzo gjekk eit veldig bra spor. Sporet var ca 500m langt, hadde masse vinkler, avhopp i vinkel og på rett strekning. Trur det må vere det beste sporet han har gått nokon gong. Han er og veldig ivrig før spor start, veit godt kva me skal, og det viser tydelig at han syns det er kjemegøy! Skanken er ikkje kjempe interessant, men han stopper alltid ved den, for då veit han at han er ferdig og har vore veldig flink! Så er det rulling i lyngen som gjeld! Held på med det i sikkert fem min. før han poserer for fotografen, godt fornøyd med sin egen innsats!
Eg vurderte litt fram og tilbake om Eira skulle få ein sjanse til, og fann ut at ho fekk prøve seg. Det var tydelig at ho skjønte at det var blodspor elle bilen, så no var det mykje meir interesse for sporet. Ho blir veldig lett distrahert, men når ho konsentrerer seg går ho veldig bra. Sporet var ca 150 m langt med fire vinkler, skal prøve meg på avhopp neste gong. Ho gjennomfører fint, sjølv om ho syns dei sauene var veldig spennande..Er lett å gløyme krleis Kenzo og var i begynnelsen, men han og vart veldig lett distrahert hugser eg. Så det kjem seg nok med Eira og når ho får gått ein del meir spor. Eg er klar for meir sporgåing, det er kjempegøy!


Ingen kommentarer: