tysdag 11. desember 2007

Personlige trenere

Her i huset går det ikkje ann å få gjere noko i fred uten å få "hjelp". Hundane liker å vere med på ALT eg gjer og litt til. Hvis eg skal vaske golv, hjelper dei til, hvis eg skal skrive e-post, hjelper dei til, (Eira har fleire gonger klart å sende avgårde halvskrevne e-poster, hvis eg er så dum å gå på kjøkkenet ein tur, korleis ho gjer det??? Ikkje veit eg, litt tramping på tastaturet og vips, Avgårde Kåre!) hvis eg skal sy med symaskina hjelper dei til, hvis eg lager middag, hjelper dei til. Det einaste eg får gjere i fred er å støvsuge, dei er begge litt redd for støvsugeren, i alle fall Eira, ho flykter! Så når eg skal trene, då er dei der med ein gong, og skal hjelpe meg så det blit litt meir moro å trene. Og av og til blir det jo og det, for eg må berre le, Eira skal helst stå oppå magen min, eller ryggen, uansett kva øvelse som skal utføres. Antagelig for å gjere det litt tyngre for meg, så det skal bli litt meir trening. Kenzo står helst over meg med eit eller anna i munnen, i leikemodus, og då får eg virkelig trent magemusklene for eg ler og ler og ler...av og til blir eg sur og irritert og då får eg vere i fred, men stort sett blir det tull og fjas. Og på treningsbenken til pappa, ja der liker Eira seg veldig godt, sitt der gjerne litt uten at eg trener og, berre sånn for moro skyld. Personlig trener er jo flott å ha, eg har til og med to, og heilt GRATIS!





2 kommentarer:

Anonym sa...

He he he ja hjelpsomme er disse firbeinte både til husvask og ihvertfall mat laging. Personlig trener har jeg ikke prøvd de på enda, men det kan bli aktuelt etter jul når juleribba setter seg på plasser en ikke er så gla for;)

Klem Heidi

Anonym sa...

Ha ha godt å få litt hjelp ja. :)

Mvh Ingfrid og gjengen