fredag 24. oktober 2008

Lure lille Eira..

Me reiser frå Bergen til Voss kvar fredag, og hundane er sjølvsagt med på lasset. I bilen til Erik sitt hundane laus i "baksetet", er seter som ein slår ned om det trengs, så ikkje som i ein vanlig bil. Dei ligg då på golvet, men Eira er jo veldig frista til å hoppe fram til oss, sjølv om ho veit det ikkje er lov. På Trengereid stopper me av og til for å kjøpe kaffi, og det gjorde me idag og. Me gjekk begge ut av bilen og vart ståande inne ei stund for dei var tom for kaffi, så me måtte vente ei stund. Eg fekk kaffien min først og gjekk ut til bilen. Då eg kom ut såg eg at døra mi var låst, og at døra på førersida også var låst pluss at nøkkelen stod i tenninga! Arg! Eg skjønte med ein gong at Eira hadde vore borti knappen som ein låser og åpner døra med, sidan ho stod logrande i framsetet når eg kom ut. Eg såg for meg mangen kalde våte timer med venting.."Ka gjer me no?" seier eg til Erik, han hadde ikkje mangen gode forslag, reservenøkkelen låg inne i bilen..så eg prøvde å få Eira til å tråkke på knappen igjen. Ho skjønte ikkje kva eg holdt på med, berre ulte imot meg sånn som ho alltid gjer hvis ho lurer på kva eg held på med. Ho spratt fram og tilbake mellom baksetet og framsetet, og skjønte ikkje kva det var eg ville fram til med pekinga og ropinga mi. Erik fekk tak i ein streng som han prøvde å lure inn mellom pakningen på døra. Eg gjekk over på andre sida og tenkte på kva Eira kan av ord som eg kunne bruke for å få ho til å trykke på knappen igjen. Eg kom til slutt i alle fall fram til at ho kan "opp" og "labb" så eg klarte på forunderlig vis å få ho med framlabbane opp i vinduskarmen og når ho kom på rett plass der som knappen var, så "gav ho labb" (såg igrunn ut som ho vinka, tihi) heilt til ho traff knappen og låste oss inn! :D Ååå såå kry ho vart når eg vart hoppande glad for at me kom oss inn igjen i bilen, eg hadde jo ingen jakke eller nokon ting med meg ut, og det regna og blåste. Livet med Parson er slettes ikkje kjedelig vertfall! Kenzo tok det heile med stor ro, han åt godteri mens me styrte på, Eira velta ein boks med smågodt når ho spratt fram og tilbake, så han syns det var heilt topp!
Me har flytta i inndalsvn. og bur no endelig ilag med hundane igjen. Veldig deilig å ha dei rundt seg igjen heile tida, merker det på hundane og at dei er roligare. Spesielt på Kenzo, for han er så rolig til vanlig, og han har vore litt stressa i det siste.

Litt bilder frå veka som har gått:


Mykje løv i parken der me bur





Søndagstur på Lunde


Slettes ikkje dumt å vere fir`beint på Lunde om dagen, masse bein og avskjær som dei kan kose seg med

Mmmmm

2 kommentarer:

Anonym sa...

Uff a meg, greit å ta med nøklene nestegang, ikke noe gåy å bli låst ute nei, men godt gjort å få Eira til å låse opp igjen, vel det skulle vel bare mangle siden det var vel i utgangspunktet hun som låste dere ute;)

Godt å høre at dere har funnet en leilighet og at dere har hundene tilbake hos dere.
Klem og lykke til videre;)

Heidi

Anonym sa...

He, he,parson er smarte dyr. Godt de kan rette opp i situasjonen igjen da, når de "kom i skade for" å lette litt på reglene.

Høres bra ut med gjenforening. Jeg kan ikke engang forestille meg hvordan det ville være her i huset uten hunder?!

Mvh
Lena