torsdag 12. februar 2009

Masse bilder..

Eg har reinstallert maskina mi, og funne ein del bilder på den eksterne harddisken som eg har overført frå mobilen for lenge sidan. Så her kjem litt nytt og litt gamalt! :D


Kenzo og Eira fekk ei flaske Dog Beer hjå naboen Mira. Eira ville slettes ikkje smake ein gong, men Kenzo likte det.


Me var med på ein lastebiltur med Erik her ein dag, Kenzo syns det var kjedelig og veldig varmt...


...Eira derimot storkosa seg, syns ho hadde utrulig god oversikt der oppe ;)


Me var på ski tur med Hilde, Emil (i pulk) og Kajsa på Hamlagrø ein dag. Nydelig vær, men jammen er det kaldt i lufta enda..


..det synes Eira også

Fiine Kenzo guten min!
Her kjem ein heil serie med bilder av Eira, dårlig lys denne dagen, så dei er litt grå..men men..
















Ikkje enkelt med all denne snøen som fester seg i barter og bryn..

Sidan det har vore så kaldt i det siste (-20!) og Eira har vore veldig kald på beina når me har vore ute på tur så fann eg ut eg måtte prøve å sy nokon potesokker til ho. Hadde litt fleece stoff liggande, og med litt prøving og feiling vart resultatet slettes ikkje så værst. Men Eira var mindre begeistra, skikkelig fornærma på meg kor ekkel eg var med ho. Inne stod ho berre heilt i ro med ein fot i været, og samme gjorde ho når eg løfta ho ut, men plutselig spratt ho rundt som ein jojo! Og oppover i skogen stakk ho avgårde etter nokon hjorte spor, og kom veldig fornøyd ned att uten sokker på..eg fann att to av dei i snøen, men dei andre to har ho gjøymt godt..
Eg skjønner ikkje korleis folk klarer å få potesokkene til å henge på, nokon gode tips?

Full fres!


Me hadde oss ein deilig søndagstur i Holmen, der Erik har støl. Eit paradis for både to og fire beinte!

Sêlet litt heilt til venste i bildet

Torkjell og Ozzy var også med. Me juksa oss opp på ein høg fjelltopp, altså med scooter, Torkjell stod bak og fekk seg ein fin lang bakke og skli nedatt.


Idag har me vore oppi skogen her på tur, er skikkelig deilig vinter-vær, ikkje like kaldt som det har vore i det siste, og det har komt litt nysnø. Utrulig mykje spor av alle mulige dyr; rev, hare, hjort og elg såg me spor av idag. Hundane har sprunge kilometervis lenger enn meg, men eg hadde med meg tre hunder når eg kom heimatt også. Ikkje ein for mykje altså, Kajsa var med oss :D


Mykje snø for ei lita Parson jente, ikkje enkelt å springe sålangt på spor på dette føret. Heldigvis seier no eg :)
God helg alle sammen!

4 kommentarer:

Lena Kjempengren sa...

Du er helt sikker på at hundeølet ikke var ment for eierne da, ha, ha..

Det ser ganske deilig ut å ha sånne omgivelser "rett utenfor døra". Jeg skulle gjerne fått sokker til å sitte på jeg også nå som det er så kaldt, men det er ikke lett når potene er så små og nette. Sportstape øverst på kanten og opp på pelsen kanskje, men det blir jo ikke så lett å få av igjen... Ellers har jeg hatt delvis suksess med elastisk tape mellom poten og den øverste tredeputen på frambeina, men da gjelder det å stramme passe, ikke for mye!

Anonym sa...

Herlige vinterbilder!
Fine bilder av vesle Eira. :)
Skal du stille på NKK i Bergen i år?

Anonym sa...

Flotte bilder! Stilig det bildet hvor Eira løper mot kamera. Jeg lurte også på sokker til Jussi når det var på det kaldeste, men det ble aldri så jeg fikk tak i noen. Det ble veldig korte lufteturer istedet.

Anonym sa...

Heisan Liv

Mang flotte bilder her, bildene av Eira var super fine.
Ja kulda er ikke alltid like ålreit for disse fibeinte, Eddie også fryser på labbene, har prøvd sokker til han, men han rett og slett nekter å gå hihi

Klem Heidi