onsdag 13. mai 2009

Hi-trening og litt anna

Då har me vore på årets første hi-trening. Kjekt å komme igang. Eira var vertfall veldig klar for det :D Ho fekk skryt, og var heilt "rå på reven". Så det var jo kjekt. Men ho er sta som terriere flest og SKAL ikkje gå gjennom det liggende nåløyet, så me fekk med oss eit heim, så får me øve til ho skjønner at det går faktisk ann uten problem! Så no ligg ei sliten og trøtt Eira i senga si og søv, deilig når ein veit dei har jobba hardt. ;)
Ellers skjer det lite her, eksamenslesing for min del, så blir lite tid til noko anna. Hundane har vore mykje med inn til sauene i det siste, Eira syns det er veldig spennande, men eg kan ha ho laus uten at ho gjer noko. Ho har altså roa seg veldig, men ho hadde nok prøvd seg på noko tull om ho hadde vore aleine med dei, ho er nok litt for mykje jakt hund til å ikkje interessere seg for sauene. Sauene er jo ute på bakkane heime no, så då passer eg alltid godt på, og ho får ikkje vere ute aleine så lenge dei går på beite heime. Og når me skal til fjels i sommer skal eg ha ho i band, men eg slepp forhåpentligvis å ha ein jojo med meg i band hvis me treff på sauene :D


Veldig spennende å lukte på sauene


Her inne står flaske lammene som ho har fått helse på, ho snuste grundig på dei og vaska dei både foran og bak :D

Store forskjeller på heime og oppe i fjellet, deilig å kunne bade...
...men åååå så deilig med snø og!

1 kommentar:

Ingfrid sa...

Kjekt med hitrening, me og vil! :)

Herlige kvalpar i tidlegare innlegg.