måndag 22. juni 2009

Endelig sommerferie!

Etter ein veldig lang vår er det endelig sommerferie! Eksamen er overstått og no er det fri i to mnd. Så på den første søndagen med fri på leeenge, var eg ikkje i tvil om kva eg skulle bruke dagen til! Sol var det og, så då bar det til fjels!


Er enda ein del snø igjen i fjellet, har ikkje vore mange dager med sommer temperatur så snø fonnene var mange på turen, til hundenes store glede!


Vidling!



Her rusjer dei nedover mens dei leiker :D


"Me skal vel ikkje gå videre enda? Her er jo SNØ!"



Fotomodellen Eira :)


Eg kan dette med oppstilling og posering ;)


Me hadde ein god pause ved ei elv, der fekk hundane bade og kose seg lenge. Begge er veldig glad i å bade, og ikkje minst dukke etter steiner.


Kjempefornøyd med fangsten


Eira skal ikkje vere dårligere enn storebror..


..blubb blubb :D





Veldig viktig at steinen er stor og tung ;)


Såå stolt!


"Skal du ikkje kaste til meg?"


"Eg kan sitte fint og eg!"


Neste pause ved eit lite tjødn der eg bada i fjor i mai, men frista ikkje i år, enda me er i slutten av juni, veldig kaldt! Trur ikkje det er eg som er blitt pysete...


"Kan me ikkje vere her litt til?" Ser heilt sjokkert på meg når eg vil gå videre..


Til slutt eit bilde av det siste tilskuddet på Lunde, tre dager gammal på bildet, utrulig at dei kjem seg så fort på beina! Skal bli spannande å følge med denne vesle hoppa framover

torsdag 11. juni 2009

Flytting og diverse :)



Me har flytta på oss igjen, til ein større leil. med deilig uteplass! Ikkje veldig langt, men føles som på landet i forhold til Inndalsvn. Her er huset vårt, deilig og fredelig med sol til kl 23 på det lengste om sommaren. Hundane er kjempefornøyd, spesielt Kenzo som no er flytta utendørs igjen ;) Ikkje vits å vere inne utenom når det er middag på programmet. Han fann seg og fort til rette uten problem, la seg rett ned på den nye senga si og sov første kvelden. Eira er litt meir urolig, eller så berre lurer ho meg til å synes synd i ho, for ho fekk no vertfall sove med oss første natta, og ho har vore i helane på meg heile tida. Men no har ho og funne seg godt til rette i det nye huset, og tar livet med ro igjen.


Eg og Eira har sjekka ut badefasilitetene ned e ved sjøen, deilig men det smakte rart!


Eira speider utover sjøen, mykje spennande lukter i vinden!



Mykje spennande å følge med på frå terrassen!

Eit bade vatn like i nærheten langs ein turvei som me pleier å gå på.


Og Eira har funne vinduskarmen i det nye huset, det har blitt noko ho gjer kor helst ho kjem, opp i vinduskarmen for å sjekke utsikten! :D
Har ingen bilder av Kenzo enda i det nye huset, han flytta inn litt seinare enn oss andre sidan han var bortlånt til mamma når eg var på feltkurs til Mjølfjell, og han vart verande litt lenger etter at eg kom heim. Eira var vill av begeistring når han endelig kom heimatt, er tydelig at dei bryr seg om kvarandre! ;)
Tusen takk for passet til onkel Thomas og tante Jorunn som passa Eira, og mamma som passa Kenzo. Her er litt bilder frå kva dei holdt på med når eg var vekkreist.


Eira har vore ute i båt.


Det har Kenzo også for å komme seg i Brørvik, her avbilda utenfor hytta.


Fanget til tante er godt å ha ;)


Deilig med vind i øyrene!

Eira har full kontroll i bilen til tante Jorunn :D

onsdag 27. mai 2009

Hi-trening og diverse


Blomsterbarna koser seg ute i sola

Ozzy held seg litt i bakgrunnen sidan det ikkje alltid er like lett å vere enig med beste uvennen sin Kenzo :)

Varmt!


Då er det deilig med eit bad!


Eira er litt meir forsiktig...

Eira syns det kjekkaste med badinga er at Kenzo blir så tøysete etterpå. Så då får ho herje litt

Hundane har fått seg ny seng, veldig populær. Eira skal ikkje ligge på den, eg tenkte det måtte vere fint for ho, men neida..
Nesten som han blir litt flau når eg tek bilde av han, store sterke gutter skal no vel ikkje sove på mjuk og deilig seng??

Karane fekk i oppdrag å snikre hi-ganger til Eira, sidan ho nekta å gå igjennom det liggande nålauget. Var ikkje heilt enkelt å tenke klart når dei skulle lage med vinkel og helst veldig lang gang..dei tok vertfall oppgåva på alvor! Og hi-gang vart det!


Her ligg den opp ned, Eira syns det var like greit å gå i gangane då, mykje enklare sjølvsagt! Kenzo var missunnnelig på at me snikra BERRE til Eira, han stakk snuten inni gangen, men er vel ikkje akkurat eit sjokk at han ikkje kom så langt :D


Her ser me kor lavt det er "under taket", dei må jammen krype for å komme seg gjennom. Eira var igjennom gangen fleire gonger, også det liggande nålauga. Eg kasta ein tennisball gjennom, og Eira etter. Så det gjekk plutselig heilt supert! Så spenninga var stor når me kom på hi-treninga i går, for der har ho jo ikkje klart nålauga før. Men eg trur faktisk ho glømte at det var noko problem, ho fauk vertfall gjennom! Så det var supert! Gleder med alle rede til neste trening!
Fekk forresten høyre at eg må ha verdens mest stae terrier, ho skal jo helst gjere som ho sjølv vil, og når folk som har hatt terrier i "alle år" seier det, så må det jo ligge ein viss tyngde i utsagnet :) Men har no aldri vore noko problem for meg, ho er no stort sett veldig lydig og grei. Eg kan ikkje presse ho til å gjere noko ho sjølv ikkje vil, så då må eg lure ho til å tru at ho har bestemt det sjølv, då går alt som smurt:D Sånn som med gangane i kunst hiet, det er jo mykje raskare å gå rett på kassa med reven i, enn å kravle seg gjennom gangane. Men sidan det ikkje er lov, så må ho få bestemme sjølv at ho VIL gå i gangane. Er ein tolmodighetsprøve, men eg er faktisk meir sta enn Eira når det gjeld det der! Og svisj så for ho jo gjennom!

måndag 18. mai 2009

Kenzo 4år!

Det er heilt utrulig som tida flyg avgårde, idag blir Kenzo 4 år! Den goaste bestatste goldenguten i helie verda! Sjølvsagt :D

6 veker

7 veker på sin første fjell tur


13 veker i hagen heime, nydelige guten min!


Like nydelig enda :)


Han elsker å springe i snø..


..og herje i vatn


Og kose tøyse er veldig kjekt

onsdag 13. mai 2009

Hi-trening og litt anna

Då har me vore på årets første hi-trening. Kjekt å komme igang. Eira var vertfall veldig klar for det :D Ho fekk skryt, og var heilt "rå på reven". Så det var jo kjekt. Men ho er sta som terriere flest og SKAL ikkje gå gjennom det liggende nåløyet, så me fekk med oss eit heim, så får me øve til ho skjønner at det går faktisk ann uten problem! Så no ligg ei sliten og trøtt Eira i senga si og søv, deilig når ein veit dei har jobba hardt. ;)
Ellers skjer det lite her, eksamenslesing for min del, så blir lite tid til noko anna. Hundane har vore mykje med inn til sauene i det siste, Eira syns det er veldig spennande, men eg kan ha ho laus uten at ho gjer noko. Ho har altså roa seg veldig, men ho hadde nok prøvd seg på noko tull om ho hadde vore aleine med dei, ho er nok litt for mykje jakt hund til å ikkje interessere seg for sauene. Sauene er jo ute på bakkane heime no, så då passer eg alltid godt på, og ho får ikkje vere ute aleine så lenge dei går på beite heime. Og når me skal til fjels i sommer skal eg ha ho i band, men eg slepp forhåpentligvis å ha ein jojo med meg i band hvis me treff på sauene :D


Veldig spennende å lukte på sauene


Her inne står flaske lammene som ho har fått helse på, ho snuste grundig på dei og vaska dei både foran og bak :D

Store forskjeller på heime og oppe i fjellet, deilig å kunne bade...
...men åååå så deilig med snø og!