måndag 20. august 2007

Pølsespor

Dårlig vær og litt lite lyst på tur i dag, så då vart det luftetur med pølsespor legging. Hadde først tenkt å legge ut to spor til kvar hund, men så fann eg ut at Kenzo må øve seg på å gå laaange spor, så då vart det to lange spor i steden. Eg pakka hunder og pølser i bilen og køyrde i Bømoen. Her er det eit herlig spor terreng både til blodspor og andre spor. Eg la ut Kenzo sitt først med masse vinkler. Deretter Eira sitt som og fekk eit spor med mangen vinkler. Me gjekk ein tur som vart litt lenger enn planlagt, er jo alltid deilig å gå når ein først kjem seg ut..så spora låg i ca 1,5 time. Eira fekk gå først. Ho gjekk kjempe bra, og det er tydelig at pølsebilter i sporet er ein veldig god forsterker for ho, så det kan eg bruke i blodsporet neste gong. Alle vinklane gjekk ho så godt som perfekt, og ho virka ikkje trøtt når ho kom til slutten, berre skuffa over at sporet var slutt..så det var veldig kjekt! Ho spora i ca 10-12min, så sporet var vel ca 350-400m.
Så var det Kenzo sin tur, og det var nesten enda kjekkare å gå med han! Han blir ganske gira av å sitte i bilen å vente, og det hjelper tydeligvis på konsentrasjonen og. Akkurat som om han skal vise seg litt ekstra når han må vente litt. Han gjekk veldig bra, og alle vinklane tok han fint. Eg rota meg borti ein sti når eg la ut sporet, og der tulla han litt, eg såg ein mann og ein hund som gjekk lenger framme når eg la ut sporet, så han fortsatte på stien eit lite stykke før han kom tilbake og fortsatte inn i skogen igjen. Så det syns eg var veldig bra at han klarte å komme seg tilbake på sporet uten hjelp. Han vart litt trøtt på slutten, det pleier han å bli når sporet er litt langt, fekk anmerkning på det på blodsporprøven sist. Så planen er å trene på litt lange spor framover mot blodsporprøven,så får me sjå om det har nokon effekt..I dag spora han vel i ca 18-20 min, så sporet var nok ca 600m langt. Så han var flink i dag og fann ballen!

Eira i djup pølsekonsentrason!



Nesen godt ned i bakken



Kenzo har funne ballen og pølsebitane på slutten av sporet

På slutten av sporet må han alltid rulle seg av glede over å ha vore kjempe flink!

Drakamp er alltid ein populær belønning

Ingen kommentarer: