onsdag 9. januar 2008

Årets første skitur

Har gått i mangen dager og hatt lyst på ski. Men skiutstyret har vore i Bergsdalen, og då har eg måtta gått på sko i steden. Men når eg vakna til deilig vinter vær i dag, med litt sol inni mellom, så fann eg ut at det var berre å reise og hente skiene, for i dag måtte eg på ski! Så me køyrde avgårde, men jo nærmare me kom Bergsdalen, jo dårligare vær vart det. Hmm, jaja eg skulle på ski i dag, så eg fortsatte. Når eg endelig kom fram, mykje snø og glatte veger over Hamlagrø, så var det snøstorm(litt overdrevet kanskje..). Men eg pakka med meg ski og satte kursen mot Voss igjen, fann ut at det sikkert var fint å stoppe på vegen heimatt. Men det vart ikkje særlig bedre vær på Hamlagrø, det dårlige været hadde tydeligvis flytta på seg. Men eg fann likevel ut at eg måtte ha meg ein skitur. Me kava oss fram i vind og snø, og hundane brydde seg ikkje om været! Me fekk oss ein god halvtime uten særlig snø og vind, og då var det fantastisk deilig å gå på ski! Men siste halvtimen heimatt var temmelig kald, mykje vind og snø. Men er deilig likevel, vertfall når eg no sitt framfor peisen med to trøtte hunder strødd rundt meg! Kameraet var faktisk med i dag, men vart lagt igjen i bilen sidan det plutselig vart "snøstorm", så vart mobilbilder i dag og..



Eira storkoser seg i snøen, men det er litt kaldt, godt eg hadde med dekken i sekken, sjølv om ho helst ikkje vil ha det på..


Kenzo utenfor hytta ved Torfinnstjødni

Deilig å vere på tur når det stilner og slutter å snø



Kenzo må vildle seg i snøen litt. Ikkje greit med mykje pels heller i all snøen, han har klumper av snø hengende under magen og potene


Eit lite tre som Kenzo kunne ha lyst å ha med seg heim...


Skikkelig ruskevær resten av vegen til bilen

Då fann Eira ut at det var lurt å gå bak meg i skisporet i le for vinden

4 kommentarer:

Anonym sa...

Sprekinger!
Hilsen en som nesten aldri går på ski.

Anonym sa...

VI VILL OXÅ HA SNÖÖÖ!!
Här bara regnar o regnar det.. *suck*

Anonym sa...

Tur på langrennski er herleg når det er tilnærma vindstilt og sola kikker fram. Ser ut som de har fått litt av kvart. :) Det beste er uansett alltid å kunne sette seg ned inne i varmen etterpå med god samvittighet og sliten kropp. Kjekt for hundane med snø, her er det regn og vind...

Anonym sa...

Herlig med skitur, men slitsomt i ruske vær. Men jeg kjenner meg nesten igjen, har man bestemt seg for noe så skal man gjennomføre det!! Er terriere vi også he he he

Mvh Heidi