På fredag henta eg Eira i Bergen, var veldig kjekt å sjå ho igjen. Og trur ho var fornøyd med at eg kom ho og! :) Fekk ein enorm velkomst, og den varte leeenge. Kenzo vart sittande igjen i bilen, ville jo helse på ho aleine sånn at eg fekk all oppmerksomheten,hihi. Når me hadde roa oss ned litt, tok eg ho med ut for å helse på Kenzo, åå dei var så skjønne! Eira la labbane rundt halsen på Kenzo akkurat som om ho gav han klem, og det gjorde ho fleire gonger! Så søtt! Skulle absolutt hatt kamera då! Kenzo logra veldig, og snuste nøye på ho om løpetida var over, og det var den.
Thomas tok bilder av oss...

Veit ikkje kven som smiler mest!?
I helga har det vore mykje herjing, Eira hadde nok litt energi til overs etter ei veke som by hund, og Kenzo er som oftest lett å erte, så dei har fått herje frå seg og no er ting som normalt igjen, rolige inne og herjing ute. Før me reiste frå Bergen fekk me låne badekaret og bade Eira, noko ho slettes ikkje liker, men er veldig deilig etterpå, då blir ho heilt sprø. Spring rundt og ruller seg i sofa og på tepper. Ho har også blitt nappa litt i helga, rydda litt opp i buste ansiktet, og fått nappa beina, noko som er såå ekkelt! Men fin vart ho vertfall!

Nybada missfornøyd Eira..

Åååå deilig å riste seg!

I mangel av trimmebord blir alt mulig anna tatt i bruk, denne gongen oppå peisen

Fornærma, napping er det kjedligast ho veit...

Men fin vart ho!

Måtte prøve å ta nokon bilde av vinteren i månelys, ikkje så enkelt, men dette bildet vart ikkje så aller verst..