tysdag 5. februar 2008

Oppdretterseminar

Tusen takk til Lena Kjempengren, Kari Anne Horge og Kirsti Skaar som har jobba med å få til dette oppdrettseminaret lenge. Me hadde ei kjempe kjekk og lærerik helg ilag med masse kjekke folk og fir`beinte russells!

Baby jacken Jippi

Eg og Eira reiste med natt toget fredag frå Voss til Sandvika, med "mellomlanding" i Drammen og lokaltog videre til Sandvika. Eira var kjempeflink på toget, rolig og grei å ha med seg. Var litt lystig lag i vogna vår, mangen som hadde vore på Flesland uten å få fly p.g.a snøkaoset, og venta i baren, for så å reise videre på toget til Oslo. Men det vart no stille etter ei stund. Vart lite søvn på meg, Eira sov nesten heile vegen på fanget mitt. Me kom fram på Emma Hjort 07.15, og vart møtt av ei trøtt Kirsti som ønska oss velkommen. Enda var det lenge til seminaret skulle begynne, så vart avslapping og massevis med kaffi før andre ankom Emma Hjort. Eira fekk helse på Trout som var ein meget stilig herremann, og litt lufting før me fekk nøkkel til rommet vårt. Eira måtte vere igjen på rommet under sjølve seminaret, og det var ikkje særlig kjekt. Ho er jo skjelden heilt aleine, som oftest ilag med storebror eller andre fir`beinte, så piping og litt uling vart det nok. Og heilt vill når eg kom tilbake. Lørdag vart det gått i gjennom genetikk, arvelige sykdommer, og korleis ein oppdretter påvirker rasen sin.


Vita har lyst på appelsin av Heidi

Oldemor til Eira, Ulla og bestemor til Eira, Vita

Sjølv om eg var veldig trøtt etter ein natt med veldig lite søvn, kom eg meg fint gjennom dagen uten store problemer. Men vart mykje kaffi drikking, og ti min. soving før middag. Etter middagen vart det mykje prat og drikking av vin og ikkje minst loddtrekkning. Eg vant faktisk eit par ting, pluss at eg fekk overta ein halsband og kobbel frå Kari Anne som var for stort til hennes Parsons, men passelig for min Kenzo. Tusen takk!


Søte Cleo

Vita er på leiting etter ei leike som ligg oppå peisen


No har Vita funne ut kor leiken er, men den var ikkje lett å få tak i gitt...

Seinare vart det hundeutstilling for oss to beinte, me vart delt i grupper på fire, og alle skulle finne ut kva rase dei andre i gruppa var. Eg vart labrador retriever, men vart ikkje bedømt av dommer Kari Anne. Eg såg jo at dette kom til å bli veldig morosamt, og fann fram kamera som var tomt for batteri, så eg måtte inn på rommet og hente nye. Stakkar lille Eira tuppa mi måtte få litt kos på senga, og etter ca eit halvt min. sov jo eg...Trøtt og god etter ein lang dag og ei flaske vin hadde eg ikkje sjans om å komme meg oppatt, så tok plutselig kvelden eg..Eira var jo veldig glad for at eg ikkje gjekk frå ho fleire gonger. Men synd å ikkje få med seg BIS finalen, eg har sett bildene..Hehe!
Søndag starta med frokost og videre seminar: anatomi, praktisk avl i små populasjoner og avlsavtaler til slutt. Kjempe mykje nyttig og viktig lærdom over to dager, me fekk med oss ein perm med oversikt over det meste me var igjennom, veldig kjekk å ha til seinare.


På søndag måtte me pakke oss ut av rommet før seminaret begynte, så då hadde me ein unnskyldning for å ha hundane med oss ned. Eira måtte stort sett ligge i buret sitt. Syns veldig synd i seg sjølv!


"Eg vil ut herifrå!"


Men ho sovna til slutt...

Konsentrerte to og fir`beinte

Hoppespretten Trout
Eg hadde ikkje tog heimatt før kl 23.11 frå Oslo, så eg hadde veldig god til på søndag, seminaret slutta ca kl fire. Eg og Eira var så heldige å få bli med heim til Kenneth, Newt og Willie for å vente til toget skulle gå. Me hadde ein kjempekoselig kveld med masse hundeprat og tur rundt St.Hanshaugen med til sammen fire Parson. Både eg og Eira syns det var veldig kjekt, heromkring er det jo ingen Parson så me har ikkje gått på tur med så mangen Parson før.

Hugser ikkje kva denne gutten heiter, men kjem frå Kennel Starcaps, Newt, Willie og Eira

Mellom Eira og Willie var det kjærlighet ved første blikk for begge to! Eira har snart løpetid, så ikkje rart Willie var interessert.


Flørt flørt!

"Skal vi danse?"

Koser oss i sofaen

Sjarmøren Willile og buste Eira

Litt time out i senga si



Slitsomt å flørte så fælt heile tida!

Me trudde Willie var litt plagsom, men når Kenneth tok han vekk så protesterte Eira. "Kor har du tenkt deg med gutten min?"


Eira vart vertfall heilt rein i øyrene etter at Willie var ferdig

Boing boing
Kos på fanget til Kenneth


Kenneth tok med seg Willie på fanget for at Eira skulle få fred, men då hoppa Eira etter og la seg i samme sofaen, og ho flytta seg nærmare og nærmare...


Litt meir ørevasking


Åhh, nakken ja, deilig!


Like før Eira sovner ståande!


Me hadde det så koselig at plutselig var det litt knapp tid til toget, men taxien kom akkurat tidsnok til at eg rakk toget. Taxi sjåføren var ein artig kar frå India som snakka veldig gebrokken norsk, men han prata masse og spurte om alt mulig. "Gott ellar jenta?" "Kosta massa penga, d vait jai, masse penga med hond i norge" Og så syns han tog bill. min var dyr, for det lurte han også på kva den kosta. Og så syns han det var enormt mykje snø i Oslo, ikkje mangen cm men men..artig taxi tur vertfall!
Tog turen heimatt gjekk også veldig bra, Eira var nok trøtt etter helgas opplevelser og ein heil kveld med flørting, så ho sov veldig godt. Dama ved siden av meg lurte på om Eira hadde fått noko beroligende sidan ho var så rolig, hadde aldri sett ein hund sitte i ro så lenge.
Vart litt action på heimatt vegen, politiet dukka opp i Hønefoss og tok med seg to passasjerer frå vogna me satt i, og etter det sov eg til me kom til Geilo, då kom det på ein kar som skulle hoste heile vegen til Voss..jaja, men ei herlig helg har det vore uansett! Håper me kan få vere med på liknande ting fleire gonger!
Eira søv på NSB fleece teppet
Kenzo har vore i Bergen og kost seg hjå tante Jorunn og onkel Thomas, tusen takk for passet! Ser at han har hatt det veldig bra!

7 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann Liv,
hyggelig å lese bloggen din og flott at du fikk noe ut av seminaret! Det ble en aktiv og action-fylt helg på alle måter forstår jeg :-)

Takk for masse bilder også, tok jo ikke et eneste selv! Hyggelig å treffe deg igjen,
håper det ikke blir for lenge til neste gang heller!

Mvh Lena

Anonym sa...

Heisan Liv

Herlig blogg, og ja vi hadde det så utrolig herlig i helgen. Så koselig å se deg og Eira igjen. Jeg prata med Kenneth på mandag og da fikk je en full oppdatering på flørten til Eira og Willie hihihi

Masse fine bilder, typisk at når man er mest sliten skal det liksom være litt aksjon på togen hjem, når man har mest lyst å bare sova å ha litt fred.

Håper jeg ser deg igjen snart, kos til Eira og Kenzo

klemmis fra en overivrig Border Collie ved navn Heidi

Anonym sa...

Har läst flera bloggar nu om er helg!! Önskar jag hade varit med ;o) Härliga bilder på goa Eira! Resan i sig verkar ju ha varit ett äventyr!

Kari-Anne sa...

Hei og takk for sist!
Endelig har jeg også klart å komme meg in slik at jeg kan skrive komentar på blogg'en din. HURRA!
Willy ser ut til å finne Eira heeeeelt uimotståelig og Eira ser ganske fornøyd ut hun også he he he

Anonym sa...

Mange fine og koselige bilder her. Håper dere er uthvilte nå etter helgens strabaser. Så ut til å være et festlig seminar!

Anonym sa...

Kjekt å sjå bilder frå helga. Venter spent på kompendiet i posten, så eg kan suge til meg litt kunnskap eg og... :)

Anonym sa...

Høres ut som en slitsom, men akk så herlig helg - neste gang er jeg med!:)

Mvh
Line og voffsene i Bergen