torsdag 28. februar 2008

Det snør det snør, tideli bom....

I Bergsdalen er det full vinter igjen, snøen har dalt ned i dagesvis. Også på skituren vår idag. Eg syns det er kjempe herlig, no må det jo bli igjen snø til påske! :) Var tungt å gå, spesielt for Kenzo, han sank nedi ganske mykje. Så på slutten skulle han absolutt gå i mine spor, og då oppå skiene mine, og det er veldig ekkelt med ein golden bakpå, så me var litt uenige på slutten av turen. Og i nedoverbakkane skal han absolutt springe rett framfor meg, noko som også er veldig ekkelt. Så eg datt eit par gonger for eg var redd for å køyre på han, og det er gøy det! "Sjå, ho vil leike med oss i snøen! Kom igjen! JIPPI" Då skjønner dei ingenting hvis eg blir sur fordi eg ikkje kjem meg oppatt når dei sprett rundt meg. Dei ser på meg som to spørsmålstegn?? Men eg blir jo fort blid att, for eg må jo berre le til slutt. Dei er jo så skjønne begge to! Fekk tatt litt bilder i snøværet, hundane koser seg veldig!

Øyrene til Eira stod rett ut etter løpetida av ein eller anna grunn, dei har vore bra lenge no. Så då må me på med litt teip nokon dagar for å hjelpe dei litt. Eira liker ikkje dette spesielt godt og søker trøst hjå storebror.."Berre pass deg, ellers tar ho øyrene dine og!" Kenzo føler seg visst ikkje heilt utenfor fare ser det ut som..


Her har det vore ryper, veldig spennande!


Snus snus


Kenzo lurer på kva Eira har funne, men held seg stort sett med meg

Eira går heldigvis ikkje langt avgårde ho heller

Kenzo får aldri ha pinnane sine i fred...


Tette snøbyger på heile turen

Kenzo fann ut at det var best å grave seg ned i tide!

Kenzo samler på snøballer som han skal ta med seg heim..
Veldig kjekt å leike med broren sin igjen!

1 kommentar:

Anonym sa...

Ooooj, vad mycket snö ni har fått!!
Du får testa att sätta skidor på Kenzo också, det är ju det han försöker säga -"Matte, jag vill också ha såna pinnar på fötterna!"
Ha en trevlig helg!