tysdag 31. juli 2007

Blåbær jenta



Blåbær plukking


Eira og Kenzo plukker blåbær,Eira er ivrigast

Buret


Er veldig godt å ligge i buret så lenge døra er open og ho får bestemme det sjølv..

Søvnige hunder


"Må me stå opp no? Kan me ikkje kvile litt lenger?"

Best å snu seg vekk og late som ingenting..

Kompisane


Ikkje ofte dei ligg så nærme kvarandre frivillig no for tida uten at det blir bråk..

På tur

Vart litt kaldt når det begynte å regne,så då var jakka til jorunn veldig god å ha!


Yatzy


Spennande med Yatzy,Tiquita ville gjerne smake litt på terningene

Tiquita


Tiquita likte veldig godt å sitte inni jakka eller genseren min,sovna fleire gonger..

Eira er plutselig kjempestor!



laurdag 28. juli 2007

Ho e jo litt barnslig..



Tiquita og Eira koser seg med teppe



Jorunn og Thomas har med seg eit rart besøk i helga. Tiquita(blanding mellom Dverg pincher og Chihuahua) er ei aktiv lita jente som fort vart varm i trøya her i flokken vår. Ho vart akseptert i flokken av både Shâfer, golden og parson. Eira har veldig lyst å leike, men då blir Tiquita litt redd, Eira er jo så stor! Og når både Ozzy og Eira vil leike samtidig, blir det for mykje for den vesle kroppen..

fredag 27. juli 2007

onsdag 25. juli 2007

Blodspor

Kenzo og Eira har gått blodspor i dag. Begge gjekk spor som låg over natta i ca tretten timer. Eira skulle gå først, men var lite interessert i blodsporet, sauene som gjekk rett bortanfor var mykje meir spennande..Ho vart defor putta i bilen igjen, og Kenzo fekk gå i steden. Kenzo gjekk eit veldig bra spor. Sporet var ca 500m langt, hadde masse vinkler, avhopp i vinkel og på rett strekning. Trur det må vere det beste sporet han har gått nokon gong. Han er og veldig ivrig før spor start, veit godt kva me skal, og det viser tydelig at han syns det er kjemegøy! Skanken er ikkje kjempe interessant, men han stopper alltid ved den, for då veit han at han er ferdig og har vore veldig flink! Så er det rulling i lyngen som gjeld! Held på med det i sikkert fem min. før han poserer for fotografen, godt fornøyd med sin egen innsats!
Eg vurderte litt fram og tilbake om Eira skulle få ein sjanse til, og fann ut at ho fekk prøve seg. Det var tydelig at ho skjønte at det var blodspor elle bilen, så no var det mykje meir interesse for sporet. Ho blir veldig lett distrahert, men når ho konsentrerer seg går ho veldig bra. Sporet var ca 150 m langt med fire vinkler, skal prøve meg på avhopp neste gong. Ho gjennomfører fint, sjølv om ho syns dei sauene var veldig spennande..Er lett å gløyme krleis Kenzo og var i begynnelsen, men han og vart veldig lett distrahert hugser eg. Så det kjem seg nok med Eira og når ho får gått ein del meir spor. Eg er klar for meir sporgåing, det er kjempegøy!


Litt kaldt her

Eira gøymer seg laaangt under teppet, og Kenzo ligg og peser på golvet...


Teppejenta



søndag 22. juli 2007