torsdag 29. november 2007

Eira og Shâferhund vennane

Eira liker veldig godt dei to Shâferhund vennane sine. Dei er kjekke å leike med og spesielt kjekt er det å terge dei så dei spring etter ho rundt og rundt og rundt og rundt. Eira boffer først og små bit dei litt for å terge dei, så spring ho avgårde meg begge to etter seg. Trusli er litt gamal og treg, men Ozzy klarer heller ikkje ta Eira igjen. Og plutselig stopper ho og speler omtrent død ei stund, og så sprett ho plutselig videre rund og rundt og rundt og rundt....Har ein liten film her, ser ikkje så veldig mykje, ein kvit strek med to shâfere bak, men litt artig uansett. Rundt og rundt og rundt og rundt og rundt....

onsdag 28. november 2007

Hamar

I helga var me på Hamar på utstillingstur ilag med Lise og Fira. Me reiste tidlig fredag og kom fram tidlig ettermiddag etter å måtta køyre ein liten omveg, ein trailer som stod på tvers i veien som me ikkje kom oss forbi. Var glatte vegar, men me kom oss trygt fram. Fredagskvelden vart det pizza og Idol på pc`en på rommet.

Lørdag var med tidlig opp og ned i Vikingskipet for å få med oss Golden. Lise og Fira stilte og var kjempe flinke! Fira vann unghundklasse tisper med hp! Eira var med for å heie og stod i grindene ilag med Fira. Dette gjekk kjempe fint, og ho vart veldig glad når nokon ville klappe ho, er jo såå deilig med kos! Alle fir`beinte me møtte var berre kjekt å helse på, og Eira oppførte seg veldig bra. Dei fleste skulle leikes med, spesielt hvis me møtte noko tøffe gutter, då flørta ho vilt! Utrulig artig å sjå på!

Åhh, endelig litt kos å få!
Eira med teip på øyrene, det hjelper faktisk så dei ligg litt bedre.
To trøtte vofser på slutten av dagen
Så kom søndagen og Parson utstilling, eg trente med Eira utenfor ringen, og ho var kjempe flink. Stod veldig bra, og var oppmerksom på meg og pølse bitene. 14 påmeldte Parson. Så var det vår tur i ringen, og der datt ho heilt ut! Ikkje ville ho stå, og ikkje ville ho gå. Alt var berre ekkelt! Ho stod fint på bordet, det var ikkje skummelt i det heile tatt. Men når dommeren skulle få sjå dei fine bevegelsene hennes, så nekta ho heilt. Skulle ikkje gå skikkelig, berre med nesen i bakken. Og når ho dei siste meterene gjekk fint, så hadde nok dommeren bestemt seg, og Eira fekk blå sløyfe! Hmm, sånn kan det gå.. Dommeren var nok ute etter ein litt anna type Parson enn Eira, men eg fekk ikkje vist ho fram heller, så me fortjente det kanskje. Newt (Revefotens Whooping Good News) ble beste tispe og BIR. Jonte (Jackpack Jonatan von Whopperson) beste hannhund og BIM. Revefoten stilte i oppdretterklasse og gruppa fekk 1. pr og hp. Gratulerer til alle sammen!
Me måtte dessverre reise heim uten å få med oss Parson treffet etterpå, har sett på bilder i andre blogger, og det såg veldig koselig ut! Men er glad me køyrde heim og, blir sliten av å vere på tur. Det var uansett veldig koselig å treffe andre Parsons og menneskefolket deira, det er ikkje så ofte. Eira var spesielt begeistra for Eddie, syns nok at han var riktig så fin! :)
Me hadde ein veldig kjekk tur, og Eira er blitt veldig enkel og grei å ha med seg, ingen tull og fanteri, så det er eg kjempe fornøyd med! Og Fira og Eira er beste veninner!

onsdag 21. november 2007

Blodspor

Hundane har fått gå blodspor i dag. Sjølv om det er snø og slaps overalt, så måtte dei få gå spor i dag. Er veldig lenge sidan sist, og er altfor lenge å vente heilt til våren..Sporene var ikkje meir enn 400-500 m, og dei låg i ca sju timer. Begge hundane gjekk kjempe bra, er spesielt fornøyd med Eira i dag, ho har ikkje alltid vore like interessert, men i dag var det heilt topp. Til og med skanken var kjempe interessant i dag. Om det er fordi det er så lenge sidan sist, eller om ho berre var veldig gira av andre grunner veit eg ikkje, men ho gjekk kjempe bra! Kenzo gjekk som vanlig eit bra spor, han har det alltid veldig travelt i begynnelsen, og er veldig gira på forhånd. Han finn ikkje roen inne for han veit at han skal få gå spor, går ikkje ann å lure den karen! Men han gjer ein god jobb, og då er eg kjempe fornøyd. Eg har lurt litt på dette ei stund med å trene blodspor på snø. Nokon seier at det vert mykje vanskligare og andre meiner det ikkje har noko å seie at det er snø og frost. Eg kunne ikkje sjå nokon forskjell på mine hunder i dag, men eg velger sjølvsagt å tru at dei er utrulig dyktige! :) Ein annan ting som er lett å sjå er om dei faktisk går på blodsporet eller på fotsporene mine. Både Eira og Kenzo gjekk på blodet. Nokon meiner og at dei kan lære seg til å sjå etter spor i steden for å lukte seg fram, dette har eg liten tru på. Er heilt tydelig lukta dei følger. Så sjølv om eg ikkje trur det blir like mykje spor gåing som på bar mark, så kan det vel bli eit spor i ny og ne. Kenzo er vertfall klar for nye utfordringer, hadde vore moro og lagt eit spor over natta som det kom nysnø i. Han har gått så mykje spor at det er ikkje farlig om han ikkje klarer det ein gong. Han gjekk eit kort spor i fjor som var komt nysnø i, og det gjekk jo fint, så han skal nok få prøve seg!
Vart ikkje tatt nokon bilder i dag, hadde ikkje med kamera og mobilen fungerer dårlig i mørket, vert fort mørkt når ein er ute om ettermiddagene.

torsdag 15. november 2007

Kaldt å vere Parson på Voss

Eira har funne ut at om morgonane når eg sitt i sofaen og drikk kaffi, då kan ho sette seg i vinduskarmen om varme seg i sola. Dette gjer ho kvar dag, men berre når det er sol. Ellers blir det på teppet i sofaen.
Dessuten så har ho full kontroll over kva som skjer utenfor.


Når me kjem heim frå tur syns eg det er deilig å fyre i ovnen og sette meg ned framfor ovnen å lese litt. Men hvis eg er så dum å reise meg berre i nokon sekunder, så har Eira tatt plassen min..og hvis eg flytter på ho ser ho anklagande på meg, så det hender at eg drar bort ein stol til, så kan me sitte der begge to! Ikkje alltid like enkelt å ha ho på fangen når eg skal lese bok å holde fyr i ovnen. Snakk om bortskjemt lita frøken! Men det er kaldt å vere Parson på Voss for tida, Eira syns faktisk det er ganske greit å ha på dekken når me er ute, men ho prøver å skjule det godt! :) For er jo egentlig grusomt! Kenzo tar det heile med stor ro, og legg seg i gangen som oftast. Trur aldri han har vore kald nokon gong! Men han kan faktisk finne på å komme inn til oss han og, berre for å vise oss at han er her han og, som oftast med ein ullsokk i munnen! :)

laurdag 10. november 2007

Ck, Cert og BIR på Stord

Eira har vore på utstilling på Stord i dag. Og det gjekk kjempe bra! Ho var flink i ringen og stod kjempe bra. Ho hadde faktisk konkurranse i dag, ei tispe som stilte i åpen klasse. Men Eira fekk ck, vart beste tispe med cert og BIR! "Herlig uttrykk" var noko av dommerens kritikk. Og det er eg jo heilt enig i! Flinke pene jenta mi! Så no skal eg feire med punsj!


måndag 5. november 2007

Mandagstrening

Me er endelig komt igang med mandagstreninga her på Voss. Var tredje gongen i dag, og eg er kjempefornøyd med treninga! Sultne hunder på trening er lurt, då gjer dei ALT for GoBiten! :) Eira trente mest på utstilling, og var meget dyktig! Ho er veldig glad i "dommeren" og veldig lykkelig for å få oppmerksomhet, men det er ikkje så mykje å gjere med. Ho er jo berre glad! Og ellers så går ho litt lydighets fri ved fot når eg skal vise ho fram, og då blir det litt tripping, men sånn går det når ein trener lydighet. Ikkje så enkelt å få ho til å skjønne forskjellen...Ho stiller seg opp fint og står leeenge i ro, så hvis ho kan vere like flink på utstilling, så blir det bra! Ellers fekk ho trent litt på helse trening og tannvisning når ho sitt på plass. Det var ikkje så lett, ho letta nesten frå bakken fordi ho logra så fælt. Men me fekk det til og, til slutt! Ho er veldig sosial og skal helst helse på alle som nærmer seg, og då vart det litt vanskelig å sitte stille, men til slutt skjønte ho kva ho skulle gjere og fekk ein velfortjent GoBit!
Kenzo fekk trene på fri ved fot, sitt, ligg med bli, og han og var med på helse trening og tannvisning på plass. Han kan jo alt dette veldig godt, så hvis han berre vil sjølv, så er han veldig flink. Og i dag var han sulten, så då gjekk det som ein drøm! Var mykje hunder i hallen og nokon som ikkje klarer holde kjeft, så mykje bråk i tillegg til alt anna, så eg er super fornøyd med innsatsen i dag. Gleder oss alt til neste gong!

søndag 4. november 2007

Hundeskolen

Eira følger nyskjerrig med på hundeskolen!


"Hah, det der kan no eg lett få til!"

Deilig tur i deilig vær

Endelig litt opphold frå dette regnet, nydelig sol og klar vær! Jorunn og Thomas (med gevær) var i dalen i helga, så hadde oss ein jakt tur på søndag. Hundane spratt rundt omkring, men Kenzo liker ikkje skytepang, så han holdt seg langt unna Thomas i begynnelsen.

Jegeren med pang pang kanon


"Ka e det han gjer? Åhh, eg tørr ikkje gå ned å sjå..."


Held seg på god avstand...


Eira var ikkje redd. "Eg er rett bak deg!"






Trenes på å stå fint overalt...


Eira har fått seg nytt dekken

'
Thomas gjer seg klar til tøys og tull


Og hundane er heilt med! Etter dette tullet, glømte Kenzo at geværet var skummelt og sprang mellom oss og jegeren resten av turen. Thomas var visst ikkje så skummel som han trudde likevel...


Litt kosebilde på slutten!

laurdag 3. november 2007

Hundetreff

Me var så heldig å få helse på søte Ronja som bur på Dale. Eira er jo alltid klar for litt leik, så dette var veldig gøy! Ronja er jo enda på størrelse med Eira, og det er tydeligvis veldig kjekt! Måtte filme litt og, var så artig å følge med på herjinga.

Først ein snuse runde i hagen



Jafs

"Kom igjen då! Prøv å ta meg!"


Eira vart litt missfornøyd når Ronja ville leike med mamma Wilma, "Hallo! Eg og!"


Kenzo tar som vanlig livet veldig med ro, "Desse damene altså! Ikkje fred å få!"


fredag 2. november 2007

Spionering i vinduet

Eg har flytta sofaen bort under vinduet, og då er det nye muligheter for dei fir` beinte til å følge med på kva som skjer utenfor...Dette er jo ikkje heilt lov, vertfall ikkje for Kenzo, men han måtte få lov å sjekke ein gong han og...


Eira syns det er veldig spennande å følge med på folk og dyr som går forbi


Kenzo blir nyskjerrig og må opp og sjå han og


"Hmm..har dei lov å gå der?..Boff"


Eira kan sitte sånn lenge, og sole seg samtidig! :)