søndag 30. september 2007

2 x 1 JK, 1JKK, HP på Eira i helga!

Eira har vore på utstilling i Bergen, og fekk 1 JK, 1JKK med HP begge dagar. Hallen me var i var visst kjempe ekkel, så øyrene til Eira stod rett ut og låg bakover mesteparten av tida. Dette fekk me sjølvsagt bemerka på kritikken...Utenfor hallen og i bilen låg øyrene kjempefint! Typisk! Men er fornøyd eg, ho er enda ung, og kan bli enda litt meir voksen i kroppen. Valpete, var og eit ord dommeren brukte i dag, ikkje så rart, Eira spratt rundt i ringen i dag..Me har "glømt" å trene utstilling sidan i sommer, og det merka eg godt.. Har vore mykje i skogen i det siste..Og så må ho få tykkere hud, skulle gjerne visst korleis ein får til det! :)

fredag 21. september 2007

"Strenge mamma!"



Hundane skjønner ingenting, eg har vore på Ikea og kjøpt barnegrind. Så no har ingen våte og skitne hunder lov inn i stova.

"Ho berre tuller med oss!"

"Gjer ho ikkje?"

"Ho klarer seg no aldri uten oss! Ikkje sant?"

Hjorteråk

I helga var me i Bergsdalen, og på søndag lurte jegarane oss ut i skogen på råk. Er veldig spennande, og alltid gøy hvis ein ser eller høyrer noko. Det gjorde me dessverre ikkje denne gongen. Eg hadde Kenzo og Trulsi med meg, var eit lite stykke Kenzo vart veldig ivrig, så der kan det ha vore hjort,men me såg ingen ting, og jegarane fekk ikkje skyte denne gongen. Men Kenzo fekk trent litt på å gå hjortespor, det er jo veldig spennande, så treng ikkje akkurat oppmuntre han så veldig voldsomt :)
Eira gjekk med Jorunn, var ikkje heilt fornøyd med det, ho skulle no helst gå med meg og Kenzo. Og når eg ropte til Jorunn undervegs, så kunne eg høyre at Eira "svarte". Uuuuuuul!


Kristine og Trulsi er klar

Kenzo syns han har fått snusen i noko..

onsdag 12. september 2007

Kenzo klipp ogEira får "nytt" dekken


Klipping av Kenzo er ikkje alltid like enkelt..Han skal helst ligge eller vertfall sitte og lene hovudet sitt på meg, så då går det tregt, men hvis eg blir litt sint og sur så står han fint ei stund. Var litt spennande å følge med ut vinduet på alle som gjekk forbid, så han glømte litt kor kjedelig han syns det er. Klipte i over ein time, og kunne sikkert klipt litt til, han harenormt med pels!


Vart litt ryddigare i pelsen etter ein klipp, litt hakkete blir det jo alltid, eg er ikkje så god på dette her, men øvelse gjer mester!


Eg hadde ein gong ei gamal oilskin jakke...og no er den klipt opp og blitt nytt dekken til Eira! Var mykje enklare enn eg hadde trudd det skulle vere, einaste som mangler no er ein strikk under magen, så er det klar til bruk. Eira er ikkje like begeistra..ho liker nemlig ikkje å ha dekken på, kan plutselig ikkje gå når eg tek det på. Merkelig det der..


Berre eg får ein strikk under magen, så heng det nok på trur eg. Hvis ho våger å gå med det i det heile tatt då...

tysdag 11. september 2007

"By" trening og tog tur



Eg måtte ta tog til Dale for å hente bilen, så fann ut at det var ein fin mulighet til å ta Eira med på sosialiseringstur i sentrum og på toget. Ho likte dårlig å ta tog sist, så fann ut at det kanskje var ein god idè å ta med Kenzo og. Han er veldig trygg i sånne situasjoner, så kanskje Eira kunne skjønne at togtur ikkje er farlig! Ho skalv ein del i begynnelsen, men ikkje så voldsomt som sist, då ville ho berre gøyme seg inne i jakka mi og. Eg berre lata som ingenting, og etterkvart såg ho at Kenzo låg rolig på golvet, så slappa ho av sjølv og. Vasa litt på golvet og så var det plutselig ikkje skummelt lenger. Ho ville absolutt helse på to jenter som satt foran oss, dei snakka om kor søt ho var, og det skjønte ho tydligvis, for då veit ho at det blir kos. Så no trur eg ho har skjønt at det ikkje er farlig å ta tog, men kan jo hende det blir ekkelt uten Kenzo, flinke rolige guten min!



Kenzo syns det er litt kjdelig, men han ligg heilt i ro uten ein lyd!

Spennande å følge med ut vinduet

laurdag 1. september 2007

1.premie med HP og 3 beste hund på blodsporprøve!

Kenzo gjekk blodsporprøve i dag, og det gjekk jo supert! Er kjempe fornøyd med Kenzo sin innsats, han var virkelig flink! Eg håpte på 1 premie, men var ikkje sikker, er vanskelig når ein ikkje veit kor sporet går sjølv. Han rota litt i siste vinkelen, men det var og einaste plassen. Då fekk dommeren sjå tapsarbeid og det gjorde Kenzo strålande! Åh dette var virkelig gøy!



Ein sliten Kenzo på golvet heime


Både kaldt og lenge å vente...



Vart mykje sitting i bilen på Eira i dag, så ho måtte få litt på fanget kos!