måndag 30. mars 2009

Holmen, skitur, våren og litt forskjellig...


Me reiste på dagstur til Holmen på lørdag. Det var sol og blå himmel og det frista veldig med fjelltur. Eg gjekk på sko, sidan skiene mine låg att oppe på stølen. Hundane sprang laus og kosa seg. Dei syns det er veldig kjekt å springe etter snøscooteren i full fart, i begynnelsen var eg litt nervøs når dei sprang etter, men dei held avstand frå scooteren og dei klarer jo ikkje henge på hvis dei kjøyrer fort uansett.


Bånn gass!
Kjem tilbake for å sjekke kor det går med oss andre, syns nok me er veldig trege til tider..

Skjelden eg ser Kenzo med såå lang tunge :D VARMT!

Eira og med tunga på slep..
Kaisa syns også det er kjekt å springe etter scooteren, men må ta seg nokon runder utenfor sporet og for å sjekke opp diverse andre spor

Kenzo veldig fornøyd med å vere først opp, Eira sparang tilbake og venta på meg.

Blir temmelig sliten av å springe så langt så fort..
..men likevel må dei springe litt meir når besten og Emil tek seg ein liten runde..
Kenzo tek snarveien

Men til slutt er dei slitne.."..du skal vel ikkje langt eller??"


Ikkje alltid like enkelt å vere så tolmodig, desse jentene kan bli litt plagsomme til tider..

Kaisa syns det er veldig moro å erte Kenzo

Emil og Erik på ATV`en.
På kvelden reiste me oppatt i Holmen etter litt omlegging av planer, då kjørte Erik, Eira, Kenzo og meg på denne ATV`en, hundane var for slitne til å springe ein gong til oppatt i Holmen. Kenzo på fanget mitt, og Eira satt framfor Erik. Gjekk veldig bra det, og Kenzo virka takknemmelig for at han slapp springe enda meir, det får no vere måte på springing :D

På søndag vart det nydelig vær og eg fekk meg ein lang og fin skitur
Eira måtte opp på varden for å sjekke utsikten ;)


Kenzo samler på snøballer :D


Kenzo er stort sett ute heile tida når me er på stølen, det beste han veit er å ligge og speide utover kongeriket sitt :D

Så var me heime igjen, Eira sovna i stolen ved spisebordet..ikkje heilt lov, men måtte no fotograferes før ho vart kommandert på golvet ;)


På Lunde er det vår og ingen snø, merkelig alt som kjem fram under snøen..og som Kenzo bær rundt om kring og tygg litt på :D


Besøk av nabohunden Mira (Old English Bulldog). Ho og Eira sprang om kapp i hagen, Mira fekk virkelig kjørt seg!

Eira syns det er deilig og varmt
mmm så godt med vår!

Søte snuppa mi!


Kenzo liker godt å vere på terassen vår i Bergen, men når eg bestemmer at han skal vere der, f.eks hvis eg skal vaske golv, då er det verdens undergang! Ikkje snakk om at han skal vere stille, då er det boffing og klaging til han til slutt gir opp og legg seg..
Jammen er det godt å komme heimatt til senga si!

laurdag 14. mars 2009

På tide med litt napping????

Ettersom det ikkje har blitt noko utstilling på oss i det siste, og det har vore ein kald vinter, så har eg berre latt pelsen til Eira gro utenom litt "grov" napping inni mellom. Har berre tatt det øverste hårlaget uten å pynte så veldig på ho. Så idag var det tid for litt meir sidan det no er så mildt ute, og Eira har mykje laus pels. Og som de ser så var det jo igrunn nødvendig og..


Får sjå om me finn noko som likner meir på ein hund under der..


..jammen santen, vart litt bedre no ja!



Eira ser på Tom Star i luftegården mens eg knipser i vei :D Fin vart ho no i alle fall, sjølv om eg ikkje nappa meg heilt ferdig, vondt i både rygg og nakke her, så då er ikkje denne nappinga akkurat favoritt øvelsen..så spørs det då om ho ser ut som eit skogstroll igjen før eg gidd neste gong :)

fredag 13. mars 2009

Eg VIL OPP!

Eira syns ikkje noko om at eg sitt for lenge på dataen, då må ho i tilfelle sitte på fanget eller under skrivepulten.


Lite bilde, men de skjønner poenget ;) Ho skal vere med der det skjer!
Og hvis ho syns eg sitt altfor lenge, så må ho sjølvsagt fortelle meg kva ho syns om det;




Kom seg til slutt på fanget ja...


Besten kom heim med noko veldig spennande her ein kveld...

Eira er veldig gira på å komme seg inn..


...ikkje så rart kanskje..



Veldig spennande greier! Hjorte hodet forsvann dagen etterpå, og dette var ikkje Eira særlig fornøyd med..


..me var ein tur på stølen i vinterferien, og der begynte Eira å snuse oppetter veggen..



..og jammen fann ho att hjorten!