måndag 29. september 2008

Eira norsk utstillingschampion!

Eira var på utstilling på lørdag for å prøve å få fatt i det siste certet. Og det gjekk veldig bra! 1ak,1akk ck,1btk cert og BIM. Og dermed vart ho norsk utstillingschampion :D Hadde ikkje med meg fotograf, så vart ikkje tatt nokon bilder, men skal få tatt nokon bilder no når ho er nynappa og fin.
Eira var påmeldt på søndag også, men det frista ikkje så veldig å reise heilt frå Voss og nedatt tidlig på søndag, så me gjekk oss heller ein lang tur. Då fekk jo Kenzo også ein kjekk dag ilag med oss, og ikkje berre venting i bilen..

Update: Fekk tatt nokon bilder idag, men det var lite interessant å stå i ro, så bildene vart no sånn passe..ikkje ville ho logre som ho egentlig alltid gjer ellers, så halen hang rett ned..me får prøve igjen ein annan gong med GoBiter i handa :D




"Dette er så kjedelig..eg veit eg er fin men bli no ferdig å ta bilder av meg!"

Kenzo og Eira har fått nye kallenavn; Eira sjampingjong og Kenni kantarell ;)

måndag 15. september 2008

Eira 2 år!

Lille snuppa mi er alle rede 2 år!


Dette bildet er frå dagen eg henta Eira, for snart to år sidan.


Nydelige jenta mi! Ho veit det lønner seg å stille seg fint opp ;)


Kenzo og Eira vart fort veldig glad i kvarandre, her varmer Eira seg på storebror


Vart ikkje så mykje feiring av dagen, men ho fekk no litt ekstra GoBiter. Dagen vart feira med tapetsering i nye huset til tante og onkel :D


Ikkje heilt enige om kven som eig den biten med tapet, så då er det berre å vente til ein av dei gir seg, og det er som oftest Kenzo ;D

søndag 7. september 2008

Mykje om mangt og alt mulig...

Me har flytta frå Voss til Bergen. Eg har begynt på skule, landmåling og eiendomsdesign på Høgskulen i Bergen. Kenzo og Eira har blitt by hunder, men bur for tida mykje hjå tante og onkel i Inndalsvn. siden leil. som Erik har ikkje er lov å ha hund i. Og å finne ein annan leil. der det er lov med hund virker på noverande tidspunkt heilt umulig! Så eg er innom dei for å lufte og kose litt med dei kvar dag, men så må eg reise frå dei igjen. Er veldig kjedelig å ha det sånn, men akkurat no er det ikkje mykje anna å gjere. Eg håper me finn ein ordning på det snarast! Eg savner jo å ha dei rundt meg heile tida sånn som eg er vant med, og det er vel litt rart for dei også sjølv om dei har det veldig bra med tante og onkel!



Ikkje så aller verst å lufte seg i byen heller, er jo plutselig ein bekk her og der :D

Så når helgene kjem og me reiser til Lunde så er det så deilig å ha heile helga ilag alle sammen! Og denne helga hadde eg store planer om å få gått litt spor med begge to, og leite etter rev og hjort oppi skogen her. Fredags kveld sprang me til skogs med ein gang me kom oppover, og det var kjempe deilig å kunna ha hundane springande laus og dei fann mykje interessange lukter på veien.

På veien heimatt går me langt ein skogs vei, før me skrår nedover inn i skogen igjen og over eit beiteområde. Her går det vanligvis ingen dyr, men no er værane sluppe opp her, noko eg ikkje visste om. Eg gjekk gjennom grinda, og var vel ommtrent komme halvvegs inn på beitet når det plutselig kom fire værar frå kvar sin kant mot oss. Eg fortsatte berre nedover, og dei fulgte etter. Dei kom heilt bort til oss og ville stange Kenzo, eg gaulte og spente etter dei, for Kenzo vart kjempe redd. Eira ville no helst ta igjen, så ho måtte eg holde igjen så ho ikkje fekk seg ein kakk. Ho er ikkje redd nokon ting, samme om det er mygg eller elefant så er ho på hugget med ein gong! Me fortsatte nedover, og værane vart ståande igjen ei stund før dei kom springande nedover etter oss. Eg vart litt bekymra for kva dei ville finne på, men eg klarte å fortsette nedover uten å bry meg med dei. Då me kom ned til neste grinda hadde dei komt heilt i beina på oss igjen, og Kenzo prøvde å rygge igjennom gjerdet, for dette syns han var ekkelt! Eg snudde ryggen til dei for å åpne grinda, og då fekk eg meg ein dytt i foten så eg sklei og datt ned i ei grøft. Dei stanger temmelig hardt desse værane. Mens eg låg der og sprella og banna, stod dei berre der og såg dumt på meg og lurte på kva eg balte med. Forbanna dumme sauer! Heldigvis gjorde dei ikkje noko meir, dei kunne jo ha tråkka med ned! Eira var tydelig veldig oppgira og ville bite dei i beina og i halsen. Eg kom meg på beina og ropte og spente etter værene, for då var eg temmelig forbanna. Dei vart heldigvis ståande i ro til me kom oss gjennom grinda, Eira tok seg ein tur innatt til dei og, for ho var ikkje ferdig med kampen! :D Men ho kom når eg ropte. Først no kjente eg at eg hadde veldig vondt i foten! Eg humpa meg nedover, men måtte bli henta og kjørt resten av veien heim. Og så fulgte mangen timer med veldig mykje au au. Eg sov ikkje så veldig godt den natta for å seie det sånn..



Her er foten "dagen derpå", ser ikkje heilt bra ut, temmelig hoven. I dag er den ikkje så vond lenger, men eg kan fremdeles ikkje gå skikkelig på den, og det verker heile tida. Men det som irriterer meg mest er at eg ikkje kjem meg framover, eg får ikkje lufte hundane no når eg har tid, og fekk heller ikkje gått noko særlig spor med dei. Så eg sitt no her, og humper rundt litt innimellom. Hundane skjønner ikkje kvifor eg plutselig er så lat, men dei finn seg no i det og. Kaisa (hunden til Hilde) er her og idag på besøk, så dei har no litt selskap i ho då i det minste. No berre undrer eg på korti foten blir bra igjen, eg orker ikkje sitte i ro lenger!!