onsdag 27. mai 2009

Hi-trening og diverse


Blomsterbarna koser seg ute i sola

Ozzy held seg litt i bakgrunnen sidan det ikkje alltid er like lett å vere enig med beste uvennen sin Kenzo :)

Varmt!


Då er det deilig med eit bad!


Eira er litt meir forsiktig...

Eira syns det kjekkaste med badinga er at Kenzo blir så tøysete etterpå. Så då får ho herje litt

Hundane har fått seg ny seng, veldig populær. Eira skal ikkje ligge på den, eg tenkte det måtte vere fint for ho, men neida..
Nesten som han blir litt flau når eg tek bilde av han, store sterke gutter skal no vel ikkje sove på mjuk og deilig seng??

Karane fekk i oppdrag å snikre hi-ganger til Eira, sidan ho nekta å gå igjennom det liggande nålauget. Var ikkje heilt enkelt å tenke klart når dei skulle lage med vinkel og helst veldig lang gang..dei tok vertfall oppgåva på alvor! Og hi-gang vart det!


Her ligg den opp ned, Eira syns det var like greit å gå i gangane då, mykje enklare sjølvsagt! Kenzo var missunnnelig på at me snikra BERRE til Eira, han stakk snuten inni gangen, men er vel ikkje akkurat eit sjokk at han ikkje kom så langt :D


Her ser me kor lavt det er "under taket", dei må jammen krype for å komme seg gjennom. Eira var igjennom gangen fleire gonger, også det liggande nålauga. Eg kasta ein tennisball gjennom, og Eira etter. Så det gjekk plutselig heilt supert! Så spenninga var stor når me kom på hi-treninga i går, for der har ho jo ikkje klart nålauga før. Men eg trur faktisk ho glømte at det var noko problem, ho fauk vertfall gjennom! Så det var supert! Gleder med alle rede til neste trening!
Fekk forresten høyre at eg må ha verdens mest stae terrier, ho skal jo helst gjere som ho sjølv vil, og når folk som har hatt terrier i "alle år" seier det, så må det jo ligge ein viss tyngde i utsagnet :) Men har no aldri vore noko problem for meg, ho er no stort sett veldig lydig og grei. Eg kan ikkje presse ho til å gjere noko ho sjølv ikkje vil, så då må eg lure ho til å tru at ho har bestemt det sjølv, då går alt som smurt:D Sånn som med gangane i kunst hiet, det er jo mykje raskare å gå rett på kassa med reven i, enn å kravle seg gjennom gangane. Men sidan det ikkje er lov, så må ho få bestemme sjølv at ho VIL gå i gangane. Er ein tolmodighetsprøve, men eg er faktisk meir sta enn Eira når det gjeld det der! Og svisj så for ho jo gjennom!

måndag 18. mai 2009

Kenzo 4år!

Det er heilt utrulig som tida flyg avgårde, idag blir Kenzo 4 år! Den goaste bestatste goldenguten i helie verda! Sjølvsagt :D

6 veker

7 veker på sin første fjell tur


13 veker i hagen heime, nydelige guten min!


Like nydelig enda :)


Han elsker å springe i snø..


..og herje i vatn


Og kose tøyse er veldig kjekt

onsdag 13. mai 2009

Hi-trening og litt anna

Då har me vore på årets første hi-trening. Kjekt å komme igang. Eira var vertfall veldig klar for det :D Ho fekk skryt, og var heilt "rå på reven". Så det var jo kjekt. Men ho er sta som terriere flest og SKAL ikkje gå gjennom det liggende nåløyet, så me fekk med oss eit heim, så får me øve til ho skjønner at det går faktisk ann uten problem! Så no ligg ei sliten og trøtt Eira i senga si og søv, deilig når ein veit dei har jobba hardt. ;)
Ellers skjer det lite her, eksamenslesing for min del, så blir lite tid til noko anna. Hundane har vore mykje med inn til sauene i det siste, Eira syns det er veldig spennande, men eg kan ha ho laus uten at ho gjer noko. Ho har altså roa seg veldig, men ho hadde nok prøvd seg på noko tull om ho hadde vore aleine med dei, ho er nok litt for mykje jakt hund til å ikkje interessere seg for sauene. Sauene er jo ute på bakkane heime no, så då passer eg alltid godt på, og ho får ikkje vere ute aleine så lenge dei går på beite heime. Og når me skal til fjels i sommer skal eg ha ho i band, men eg slepp forhåpentligvis å ha ein jojo med meg i band hvis me treff på sauene :D


Veldig spennende å lukte på sauene


Her inne står flaske lammene som ho har fått helse på, ho snuste grundig på dei og vaska dei både foran og bak :D

Store forskjeller på heime og oppe i fjellet, deilig å kunne bade...
...men åååå så deilig med snø og!

tysdag 12. mai 2009

Valpebesøk

Me har vore ein tur til Sotra for å sjå på kjendis valpene. :D Dei har nemlig vore med på Norge Rundt. Dei er no sju veker og skal snart flytte til dei nye familiene sine. Ein utrulig herlig gjeng, er så artig å sjå kor forskjellige dei alle rede er, og utrulig nydelige er dei jo og! Den eine hann valpen minna meg veldig om Kenzo når han var liten, ein liten rakker som stadig var på oppdagelsesferd aleine og bar med seg alt han fann.


Nydelige Fira, mammaen til valpene. Ho har eg lyst å stjele med meg heim :)



Kenzo og Eira var også med, dei fekk lufte seg og bade før eg "kasta meg over" valpene ;)


Kenzo og Oia var dei ivrigaste til å bade


Ambra er ikkje heilt sikker på om ho tørr...


Eira syns det var litt kaldt...



Eira og Ambra tok seg eit gjørme bad i steden...



Ambra og Eira fant tonen



Jippi!




"Leik med meg då!" Eira syns jo ho var litt barnslig...



Eit herlig skue som møtte meg på valperommet! "ME VIL UT!"



To brødre

"Må no vel vere mulig å komme seg over her?"


Jepp! :D





Søtnos!



Denne valpen fulgte etter Eira heile tida...


..."Hei, kor skal du?"




Deilig å få herje i hagen!