onsdag 31. oktober 2007

Tur i Tvildesåsen

Enda ein herlig dag med sol på Voss!


Kenzo har funne eit ekorn oppe i eit tre, han sprett rundt og lurer fælt på korleis han skal klare å få tak i det...
Oppi skogen er det massevis av deilige råtne pinner
"Er det ingen som skal prøve å ta den då? Kom igjen!"
Men Eira har funne sin egen pinne ho!
Søte snuppa mi!

Her i skogen er ingenting farlig, så då ligg øyrene veldig fint!
Ekorn i denne skogen og, Eira prøve å klatre opp i treet! :)
Snø på Hanguren


Er så deilig å ete litt gras

Liten pust i bakken etter jaging av ekorn!
Eventyrskogen
Og så eit oppkvikkande bad på heimatt vegen, Kenzo er meget fornøyd!

torsdag 25. oktober 2007

Tur i Raundalen med Lucas og Nancy

Deilig haust vær og med masse tåke på Vangen, så reiste me oppover i Raundalen og opp i sola!


Ein kan sjå at tåka ligg som eit lokk over Vangen


Litt fotorgrafering på toppen, alle sitt fint!


Ojsann, der forsvant Lucas...


Og der var Eira vekk og, berre Kenzo the Model som sitt igjen! :) Dei andre leiker heller litt!


Kenzo ligg på plass og tigger...

...og dei andre to herjer og vidler på rundt oss!

Eira sprett opp på det meste me kjem over

Deilig med eit bad!
Rett etter dette bildet er tatt kjem alle hundane over eit veldig spennande spor. Eg trur det er eit hare spor, dei to golden gutane kjem når me roper, men frøken jakt hund høyrer ikkje lenger, og suser avgårde på sporet! Ho er jo den som egentlig er flinkast på innkalling. Tida går, og me høyrer ho innimellom pipande laaaangt vekk. Dette gjer ho alltid når ho nærmer seg "byttet", uansett om det er ein hare, Kenzo eller Lucas ho jager etter. Eg roper og roper, men til ingen nytte, jenta er på jakt! Over ein halv time seinare når eg nesten begynner å sjå for meg at no har det skjedd lille Eira noko, så kjem ho anpunsten og veldig lykkelig tilbake! Då vart eg veldig letta, meget glad for at ho var så fornuftig å komme tilbake. Så lenge har ho aldri forsvunne før, så no gjeld det berre å passe på, ikkje la ho få bli så gira på sporet at ho suser avgårde. Eg var nok litt treig med å prøve å rope ho inn og, så hadde eg avbrutt ho før, så hadde ho nok ikkje stukke av. Då veit eg det til ein annan gong!

Barnepass i Rognshagen

Eg og hundane budde i Rognshagen denne veka og passa Hilde og Bjørn Olav. Hundane slo seg fint til ro uten problem. Dei liker veldig godt begge ungane, så det vart mykje leik og kos heile veka. Penny var heller ikkje heime, så Eira og Kenzo kunne låne alle tingene hennes...Ikkje så veldig gode bilder, mobilkamera inne er ikkje akkurat særlig suksess..


Fin seng!


Kenzo og måtte prøve, var kanskje litt liten?


Gode griseører



Deilig stort bur


Og mjuk og god sofa!


Kenzo digger å ligge ute på terassen, "Eg og vil ha terasse!" Der låg han heile kvelden og speida utover og fulgte med på kven som gjekk nede på vegen.

onsdag 17. oktober 2007

Lucas har fanga Eira


Lucas har labbane oppå bandet til Eira,så ho kjem seg ingen vei!



Og så bar han bandet i munnen og sprang rundt omkring. "No er du MIN!" Skal tru om det er løpetid snart?

søndag 14. oktober 2007

Wilma med oss på tur

Wilma i eventyrskogen
Ein liten pust i bakken
Eira hoppa inn gjennom dette vinduet, og då spratt dei andre etter, eg måtte berre stille dei opp der!
Titt titt

Her var det noko kjempe spennande, antagelig mus
Eira vart heilt sprø!

Kenzo fann seg som vanlig eit deilig hôl å bade i...

laurdag 13. oktober 2007

På tur med Lucas til Singeset



Lucas har ein flott stein på hytta som han alltid spring opp på, der måtte Kenzo og Eira opp og for å sjekke utsikten


Litt posering må til! :)

Eira og Luca herjer som vanlig


Og så tygge litt på kvar sin pinne




Kenzo har sjølvsagt funne seg ein veldig stor og fin pinne


Eit banan skal var veldig kjekt å smake på, om ikkje anna berre for å erte dei andre to

tysdag 9. oktober 2007

Rusling langs vangsen

Vangsvatnet er så lavt at det går ann å gå rundt heile vatnet i strandkanten. Me gjekk ikkje sålangt då, men me gjekk ganske langt. Utrulig deilig i nydelig vær!




Eg og Eira rusla i vannkanten...


..og Kenzo svømte mesteparten av vegen

søndag 7. oktober 2007

"Frokostspor"

Fann ut at hundane måtte få gå spor i dag og at dei skulle få jobbe litt for frokosten, så tok med meg hunder og frokost og reiste ut i skogen. Eg la spora som vanlig, men brukte fôr i steden for GoBiter i sporet. Spora vart lange, Kenzo sitt nesten 1000m, Eira sitt ca 600m. Mangen vinkler og over asfalt og grusveg, så gleda meg til å gå med begge hundane. Me reiste i Bordalen for å få tida til å gå, så sporet fekk sette seg litt.


Kenzo fann seg ein fantastisk sølepytt..


...og var kjempe fornøy når han fekk grise litt! Tida gjekk altfor fort, og plutselig var det gått over to timer sidan eg la sporene, pleier som oftast å vente ca ein time. Så no var eg litt spent på om dette vart for vanskelig.



Men Eira skuffa ikkje, ho gjekk kjempe bra og jobba veldig godt når ho fekk tap i eit par vinkler. Har ikkje sett mykje taps arbeid med Eira, så det var kjekt å sjå at ho jobber sjølvstendig og systematisk. Eira er veldig glad i mat, så ho syns dette var ein super måte å få servert frokosten på!



Kenzo gjekk og eit bra spor, han har det veldig travelt i begynnelsen, eg har problemer med å holde han igjen, så han hoppa over nokon biter i begynnelsen av sporet. Men så skjerper han seg og går rolig og fint til sporslutt. Han hadde litt problemer over asfalten, der hadde det tydeligvis vore nokon ute på tur, men han kom seg over og fann att sporet i skogen igjen.




Litt vidling i lyngen MÅ han etter at han har funne sporslutt!

fredag 5. oktober 2007

Besøk av Michelle

Me hadde besøk av Michelle ei natt sidan ho har høstferie. Kenzo blir alltid veldig glad når ho kjem, dei leiker veldig fint ilag. Inne leika Eira med ho og, men når me kom ut er det andre ting som er viktigare for Eira, snusing etter mus og småfugler! Michelle fekk holde Eira i band og det var veldig stas, sjølv om ho syns Eira var veldig sterk! Litt trening vart det og tid til.


Gjengen ute i hagen



KOOOS!


Og meir KOOOS!


Her leiker dei to barna ilag!
Kosing på sofaen


"Sitt"
"Ligg"
Belønning, JIPPI! Flinke jentene!