torsdag 24. juli 2008

Sommer


Kenzo og Eira har fått seg ein ny "beste uvenn" :) Nino som er blanding av Dobermann og Rottweiler bur på Lunde og er naboen til Erik. Han har litt lyst å sjefe over Kenzo så det har blitt litt bråk. Og så er Nino veldig begeistra for Eira, han syns nok det er urettferdig at Kenzo har ei sånn søt lita dame :) Og når Nino bråker med Kenzo skal Eira forsvare broren sin, så ho heng seg i øyrene på Nino, er jo litt artig å sjå på, men ekkelt og. Det har no gått stort sett bra, men Kenzo har fått nokon sår i nakken og Nino i øyre etter at Eira hang der. Ikkje mykje pyse den dama der nei, ho ser nok at Kenzo treng hjelp, for han gjer ingenting..Så no har me dei i band når me går på tur ilag, då går det bra, men hadde jo vore kjekt om dei kunne sprunge laus ilag uten at det vart bråk.



Nino er også veldig glad i å bade


Deilig å få springe laus i bakkane på Lunde, hundane hadde nok flytta her på dagen! :)
No reiser eg snart til Kroatia i ti dager, blir veldig rart å vere uten hundane så lenge, kjem nok til å savne dei veldig! Dei skal vere i Brøvik med "besteforeldrene" sine, Wilma, Ozzy og "onkel" så dei kjem nok til å kose seg.