laurdag 29. mars 2008

Nkk Bergen

Ein veldig kort blogg om ein veldig kjekk dag! Er sliten etter helgas opplevelser så her blir sløving på sofaen i kveld..
Heile ti Parson var meldt på til Nkk Bergen, fem tisper og fem hanner. Veldig spennande med så mangen Parson, og også veldig kjekt når det er fleire enn ein eller to..Eira liker ikkje hallen på Bønes, så eg var veldig spent på korleis ho ville oppføre seg. Ho syns det var litt ekkelt i begynnelsen, men etter kvart så gjekk det veldig bra. Eg var ute i god tid, og var veldig klar for å gå inn i ringen då det endelig var Parson. Men ettersom det vart veldig mykje blå og til og med ei gul sløyfe før oss så vart eg veldig nervøs! To røde(ingen ck), fire blå og ei gul sløyfe før det var vår tur i ringen. Når eg gjekk inn i ringen håpa eg på å få rød for å seie det sånn...


Eira gjekk fint og stod bra på bordet, eg såg at dommeren vart sjarmert, og Eira fekk ck. Så var det litt venting før me igjen skulle inn i ringen.

Eira lurer på om det blir noko meir premiering??
Ingen andre tisper med ck, og Eira fekk CERT og CACIB! Ho vart også BIR, ingen Bim..
Ingen plassering i gruppa, når dommeren (ny dommer i gruppa) skulle bedømme Eira i oppsamligsringen kom det ein dust på fire hjul som skulle vaske golvet, dette syns Eira var ekkelt og skvatt veldig, og då var det ikkje lett å få vist ho fram...

Men eg er kjempe fornøyd med dagens resultater! HURRA!

søndag 16. mars 2008

Litt av kvart..

På grunn av vond rygg har det blitt lite blogging i det siste, men her kjem eit lite blogg blogg!
Påske ferien er begynt og no venter eg berre på sola! Har vore litt sol, men håper på meir! Snø er det vertfall nok av, så i morgon blir det skitur, sjølv om kva vær det blir. Er veldig fint føre, skare med eit lite dryss nysnø, så hundane spring veldig lett.
I helga har me vore i Bergsdalen med Jorunn, Thomas og Tikita (blanding av Dvergpincher og Chihuahua). Eira og Tikita fann til slutt ut korleis dei kunne leike ilag, så resten av påsken blir nok gøy for dei minste! ;)

Tikita


Lykkelige hunder på tur


Eira og Tikita


Wilma vil også vere med!


Guttane tøyser seg


Golden tygging


STORE forhåpninger etter middagen på søndag..


Ønsker alle venner og kjente GOD PÅSKE!

måndag 3. mars 2008

Utstilling på Manger og skitur

I helga har me vore i Bergen, litt her og der. Eira var påmeldt på utstilling på Manger søndag, og så ville me vere med og heie på Oia på lørdag. Så då tok me like godt heile helga i Bergen. Første natta hjå Jorunn og Thomas, og lørdag til søndag på Sotra hjå Lise og Heine. Natt til lørdag vart Eira nappa ferdig, vart veeeldig seint plutselig, så etter tre-fire timers søvn vart me henta i Inndalsvn. Nydelige Oia vart BIM valp, gratulerer! Eira oppførte seg eksemplarisk, og såg ut til å ville inn i ringen ho og, men me fekk vente til neste dag. Etter ei god natts søvn reiste me spent avgårde til Manger igjen. Det var to tisper påmeldt, Eira i unghund klasse og ei anna tispe i åpen klasse, spennande! Eira var like klar for utstillings ringen på søndag som dagen før, så når det vart vår tur så var ho kjempe dyktig! Ho stod kjempe fint og gjekk veldig bra i ringen. Me fekk ck, og måtte vente i spenning på fortsettelsen. Eira stod like fint på sidelinja, og logra heile tida! Merkelig at dette plutselig skulle vere så kjempe morosamt, sist gang var det jo veldig kjedelig. Etter å ha vist oss for dommeren ein gong til, fekk Eira CERT og vart BIR! Kjempe gøy! Me hoppa oss ut av ringen og feira for oss sjølv, hehe, ingen kjentfolk rundt oss. Eg tenkte først å reise heim, fremdeles mangen timer til gruppebedømmingen, sjansen for å vinne noko meir er jo liten, og når eg var aleine ville det blitt mangen timer å vente. Men så traff eg på Anita og Victor(border terrier) rett før dei skulle i ringen, så då vart eg sittende å vente på dei. Dei fekk også cert og vart bir, så då bestemte me oss for å vente ilag. Hundane fekk kvile seg i bilen nokon timer før gruppefinalen. Så var det inn i ringen igjen, Eira var like gira på pølsebitane i lomma, og var minst like flink i ringen denne gongen. Ny dommer, så Eira vart bedømt ein gong til. Opp på bordet og rundt i ringen igjen. Eira var ei av dei hundane som vart sett ekstra nøye på, denne dommeren var veldig opptatt av uttrykket, og me måtte komme fram til dommeren igjen så ho fekk sjå meir på Eira. Eg hadde eit lite håp om at det kanskje kunne bli plassering, men så vart me valgt vekk likevel. Var veldig mangen som hadde venta på gruppebedømmingen, så konkurransen var hard. Eg er fornøyd med at dommeren var litt ekstra interessert i Eira, det er jo kjekkare enn å bli "kasta ut" med ein gong. :) Uansett er eg kjempe fornøyd! Av og til overrasker Eira meg veldig, ho hadde tydeligvis ein god utstillings dag! Fekk ikkje tatt noko bilder, får prøve på det neste gong..

I dag har me vore på skitur i deilig sol! Er mykje snø i fjellet, og veldig mykje laus snø, så tungt å gå, hundane gjekk i sporet mitt heile vegen. Kenzo skjønte til slutt av eg ikkje liker spesielt godt at han trakker på skiene mine, så då holdt han seg eit stykke bak. Eg var ikkje klar over at det skulle vere så tungt å gå, og hadde eit mål om kor eg ville gå, men der er det mykje oppover, og det var veldig tungt i dag. Men me kom oss likevel til toppen, og fekk kvilt oss litt før me gjekk heimatt. Men er enda ganske kaldt sjølv om det er sol, så vart ikkje sittande lenge.

"Kor hadde du tenkt at me skulle gå? Er så djup snø overalt.."

Fantastisk nydelig himmel og hund! ;)

frost kunst

Nydelig utsikt!

var ikkje mykje hundane gjekk utenfor sporet, berre eit par gonger når dei kom på snusen av eit eller anna

Her er det nokon som må grave litt for å komme seg inn i hytta..

Eira syns det vart veldig kaldt å sitte i ro, så då tok eg på ho dekken, då gjekk det ann å grave og herje i snøen

Certo berto!
Mmmm, kvikk lunsj, kiwi og varm god te!
Heimatt gjekk dei heldigvis framfor meg i sporet