torsdag 25. oktober 2007

Tur i Raundalen med Lucas og Nancy

Deilig haust vær og med masse tåke på Vangen, så reiste me oppover i Raundalen og opp i sola!


Ein kan sjå at tåka ligg som eit lokk over Vangen


Litt fotorgrafering på toppen, alle sitt fint!


Ojsann, der forsvant Lucas...


Og der var Eira vekk og, berre Kenzo the Model som sitt igjen! :) Dei andre leiker heller litt!


Kenzo ligg på plass og tigger...

...og dei andre to herjer og vidler på rundt oss!

Eira sprett opp på det meste me kjem over

Deilig med eit bad!
Rett etter dette bildet er tatt kjem alle hundane over eit veldig spennande spor. Eg trur det er eit hare spor, dei to golden gutane kjem når me roper, men frøken jakt hund høyrer ikkje lenger, og suser avgårde på sporet! Ho er jo den som egentlig er flinkast på innkalling. Tida går, og me høyrer ho innimellom pipande laaaangt vekk. Dette gjer ho alltid når ho nærmer seg "byttet", uansett om det er ein hare, Kenzo eller Lucas ho jager etter. Eg roper og roper, men til ingen nytte, jenta er på jakt! Over ein halv time seinare når eg nesten begynner å sjå for meg at no har det skjedd lille Eira noko, så kjem ho anpunsten og veldig lykkelig tilbake! Då vart eg veldig letta, meget glad for at ho var så fornuftig å komme tilbake. Så lenge har ho aldri forsvunne før, så no gjeld det berre å passe på, ikkje la ho få bli så gira på sporet at ho suser avgårde. Eg var nok litt treig med å prøve å rope ho inn og, så hadde eg avbrutt ho før, så hadde ho nok ikkje stukke av. Då veit eg det til ein annan gong!

Ingen kommentarer: