onsdag 21. november 2007

Blodspor

Hundane har fått gå blodspor i dag. Sjølv om det er snø og slaps overalt, så måtte dei få gå spor i dag. Er veldig lenge sidan sist, og er altfor lenge å vente heilt til våren..Sporene var ikkje meir enn 400-500 m, og dei låg i ca sju timer. Begge hundane gjekk kjempe bra, er spesielt fornøyd med Eira i dag, ho har ikkje alltid vore like interessert, men i dag var det heilt topp. Til og med skanken var kjempe interessant i dag. Om det er fordi det er så lenge sidan sist, eller om ho berre var veldig gira av andre grunner veit eg ikkje, men ho gjekk kjempe bra! Kenzo gjekk som vanlig eit bra spor, han har det alltid veldig travelt i begynnelsen, og er veldig gira på forhånd. Han finn ikkje roen inne for han veit at han skal få gå spor, går ikkje ann å lure den karen! Men han gjer ein god jobb, og då er eg kjempe fornøyd. Eg har lurt litt på dette ei stund med å trene blodspor på snø. Nokon seier at det vert mykje vanskligare og andre meiner det ikkje har noko å seie at det er snø og frost. Eg kunne ikkje sjå nokon forskjell på mine hunder i dag, men eg velger sjølvsagt å tru at dei er utrulig dyktige! :) Ein annan ting som er lett å sjå er om dei faktisk går på blodsporet eller på fotsporene mine. Både Eira og Kenzo gjekk på blodet. Nokon meiner og at dei kan lære seg til å sjå etter spor i steden for å lukte seg fram, dette har eg liten tru på. Er heilt tydelig lukta dei følger. Så sjølv om eg ikkje trur det blir like mykje spor gåing som på bar mark, så kan det vel bli eit spor i ny og ne. Kenzo er vertfall klar for nye utfordringer, hadde vore moro og lagt eit spor over natta som det kom nysnø i. Han har gått så mykje spor at det er ikkje farlig om han ikkje klarer det ein gong. Han gjekk eit kort spor i fjor som var komt nysnø i, og det gjekk jo fint, så han skal nok få prøve seg!
Vart ikkje tatt nokon bilder i dag, hadde ikkje med kamera og mobilen fungerer dårlig i mørket, vert fort mørkt når ein er ute om ettermiddagene.

2 kommentarer:

Anonym sa...

ENDA en som er så flink til å trene og stå i med hundene sine jo! Det ser ut til å gå en farsott blant parson-eiere for tiden! Vi sees i helgen :-) Nå skal jeg vaske en hund som har gravd etter jordrotter...
Mvh Lena

Anonym sa...

Heisan Liv, du er nok på Hamar du nå, men jeg skriv alikevel;) Dette med spor og snø, skulle en vel tru var nesten lettere, klart blir det for kaldt så skjønner jeg jo at kulla er vel det som verst til å forandre sporet, men somsagt å legga blodet på snø må vel gjøre det lettere for hundene?? Nei jeg vet ikke men det er bare min oppfatning, så ja jeg trur nok det blir et spor eller to her også i løpet av vinteren er fryktlig lenge til våren, også har jeg fryseren fullt av blod og jeg har nå iaf ikke tenkt til å laga noe blodklubb ( blir kvalm bare ved tanken) Godt at det gikk bra med både Kenzo og Eira idag, det er gøy når hundene gjør jobben i sporet. Sees imorra

Klem Heidi