søndag 17. februar 2008

Utrulig stille her om dagane..

På torsdag reiste eg til Bergen med Eira. Ho har hatt løpetid ei stund og eg orker ikkje alt styret med begge hundane i huset under løpetida. Og Jorunn og Thomas ville gjerne passe Eira denne gongen, sist løpetid var Kenzo i Bergen. No har ho vore der i fire dager og alt går berre bra og dei koser seg med go jenta mi, håper eg får ho tilbake når løpetiden er over! Er veldig stille og rolig her, merker nesten ikkje at eg har hund i huset, Kenzo er veldig rolig og maser ikkje på kos og oppmerksomhet sånn som Eira gjer. Trur han syns det er godt med ein pause frå rampe søstra, ho kan jo bli litt plagsom innimellom. Han viser ingn tegn til å savne ho vertfall, er fornøyd og glad som vanlig. Eg og Eira har ikkje vore frå kvarandre så lenge før, så det er jo rart å vere uten ho, så kjem nok til å savne ho litt før ho kjem tilbake!
Eg og Kenzo var på besøk på Sotra til Lise og Heine torsdag når me var nedover med Eira. Fekk knipsa litt bilder av dei skjønne hundane.


Søte lille Oia som ikkje er så liten lenger, 6.5 mnd gamal


Nydelige Fira!


Skjønne Heissi mammaen til Kenzo, han likner kjempe masse på mammaen sin!


Søte Pippi ser bedande opp på Eva om ho ikkje skal på tur snart?


Oia og Fira herjer på golvet


Pippi tar det heile med stor ro!

Ingen kommentarer: