måndag 3. mars 2008

Utstilling på Manger og skitur

I helga har me vore i Bergen, litt her og der. Eira var påmeldt på utstilling på Manger søndag, og så ville me vere med og heie på Oia på lørdag. Så då tok me like godt heile helga i Bergen. Første natta hjå Jorunn og Thomas, og lørdag til søndag på Sotra hjå Lise og Heine. Natt til lørdag vart Eira nappa ferdig, vart veeeldig seint plutselig, så etter tre-fire timers søvn vart me henta i Inndalsvn. Nydelige Oia vart BIM valp, gratulerer! Eira oppførte seg eksemplarisk, og såg ut til å ville inn i ringen ho og, men me fekk vente til neste dag. Etter ei god natts søvn reiste me spent avgårde til Manger igjen. Det var to tisper påmeldt, Eira i unghund klasse og ei anna tispe i åpen klasse, spennande! Eira var like klar for utstillings ringen på søndag som dagen før, så når det vart vår tur så var ho kjempe dyktig! Ho stod kjempe fint og gjekk veldig bra i ringen. Me fekk ck, og måtte vente i spenning på fortsettelsen. Eira stod like fint på sidelinja, og logra heile tida! Merkelig at dette plutselig skulle vere så kjempe morosamt, sist gang var det jo veldig kjedelig. Etter å ha vist oss for dommeren ein gong til, fekk Eira CERT og vart BIR! Kjempe gøy! Me hoppa oss ut av ringen og feira for oss sjølv, hehe, ingen kjentfolk rundt oss. Eg tenkte først å reise heim, fremdeles mangen timer til gruppebedømmingen, sjansen for å vinne noko meir er jo liten, og når eg var aleine ville det blitt mangen timer å vente. Men så traff eg på Anita og Victor(border terrier) rett før dei skulle i ringen, så då vart eg sittende å vente på dei. Dei fekk også cert og vart bir, så då bestemte me oss for å vente ilag. Hundane fekk kvile seg i bilen nokon timer før gruppefinalen. Så var det inn i ringen igjen, Eira var like gira på pølsebitane i lomma, og var minst like flink i ringen denne gongen. Ny dommer, så Eira vart bedømt ein gong til. Opp på bordet og rundt i ringen igjen. Eira var ei av dei hundane som vart sett ekstra nøye på, denne dommeren var veldig opptatt av uttrykket, og me måtte komme fram til dommeren igjen så ho fekk sjå meir på Eira. Eg hadde eit lite håp om at det kanskje kunne bli plassering, men så vart me valgt vekk likevel. Var veldig mangen som hadde venta på gruppebedømmingen, så konkurransen var hard. Eg er fornøyd med at dommeren var litt ekstra interessert i Eira, det er jo kjekkare enn å bli "kasta ut" med ein gong. :) Uansett er eg kjempe fornøyd! Av og til overrasker Eira meg veldig, ho hadde tydeligvis ein god utstillings dag! Fekk ikkje tatt noko bilder, får prøve på det neste gong..

I dag har me vore på skitur i deilig sol! Er mykje snø i fjellet, og veldig mykje laus snø, så tungt å gå, hundane gjekk i sporet mitt heile vegen. Kenzo skjønte til slutt av eg ikkje liker spesielt godt at han trakker på skiene mine, så då holdt han seg eit stykke bak. Eg var ikkje klar over at det skulle vere så tungt å gå, og hadde eit mål om kor eg ville gå, men der er det mykje oppover, og det var veldig tungt i dag. Men me kom oss likevel til toppen, og fekk kvilt oss litt før me gjekk heimatt. Men er enda ganske kaldt sjølv om det er sol, så vart ikkje sittande lenge.

"Kor hadde du tenkt at me skulle gå? Er så djup snø overalt.."

Fantastisk nydelig himmel og hund! ;)

frost kunst

Nydelig utsikt!

var ikkje mykje hundane gjekk utenfor sporet, berre eit par gonger når dei kom på snusen av eit eller anna

Her er det nokon som må grave litt for å komme seg inn i hytta..

Eira syns det vart veldig kaldt å sitte i ro, så då tok eg på ho dekken, då gjekk det ann å grave og herje i snøen

Certo berto!
Mmmm, kvikk lunsj, kiwi og varm god te!
Heimatt gjekk dei heldigvis framfor meg i sporet

6 kommentarer:

Anonym sa...

G R A T T I S!!!!
Va roligt att Eira gjorde det så bra idag - BIR o CERT!! Heja heja!!
Jättefina bilder på hundarna i snön!!

Anonym sa...

Gratulerer med cert og BIR! Artig! Fine bilder! Jammen har dere mye snø. Her er det ikkeno...

Anonym sa...

Gratulerer! Bir og Cert er bra. Parson blir ikke nedrent med gruppeplasseringer så det er litt morro når dommerne tydligvis legger merke til rasen selv om det ikke holdt til plassering.
Fin tur i solskinn men snøen så laus og tung ut...
Pes, pes
Hilsen Kari-Anne

Ingfrid sa...

Gratulerer så masse med CERT og BIR! Kjempebra! :) Me lurte og på å reise til Manger, men må prioritere iltt, og skal til Bergen på agilitykurs om to veker. Gleder meg til det! :)
Flotte snøbilder, og fantastisk utsikt!

Anonym sa...

Gratulerer til dere med Cert og Bir. Det var kjempebra. Helt enig i at det var flotte snøbilder. Lenge siden vi hadde slike muligheter her på Østlandet.

Anonym sa...

JIPPI!!!! GRATTISS!!!!!!!!!!!
BIR og Cert på Eira så utrolig bra jobba!!!! Flinke er dere, stor kos til Eira;)

Herlig bilder;)

Klem Heidi