torsdag 31. januar 2008

Agility trening

Onsdagar er agility trening i rub hallen. Er veldig kjekk og god trening for Eira. Ho blir heilt vill med ein gong me parkerer utenfor hallen. Så når eg går ut av bilen og inn for å bygge bane, så begynner ho å ule! Og det gjer ho heilt til ho blir henta..overalt ellers er ho heilt stille i bilen, men oppe ved hallen blir ho heilt sprø. Rekner med det er fordi ho gleder seg sånn til å trene. Men ho blir vanvittig gira av det også, så når det var hennes tur så var ho omtrent ikkje nedpå bakken, for ho vart heilt sprø når ho kom inn i hallen. Vel og bra med ei gira frøken, men det var nesten litt mykje denne gonge. Eg klarer å styre ho enda, men når ho veit kva ho skal gjere på alle hinderene så er eg redd ho durer på av seg sjølv med meg dinglande bak...vart mykje springing på meg og, enda me berre trener på eit og eit hinder. Før eg omtrent er ferdig med belønningen så er ho på vei andre vegen over hinderet igjen, så gjeld å følge med så ho ikkje får juksa altfor mykje på feltene..I går trente me på møne, vippa, slalom, pølsa, tunnelen, hjulet og vanlig hopp hinder. Ingen problemer igrunn, men ho har det veldig travelt: "Hallooo, kjem du der bak? Eg er klar for belønning!" Og eg må dra ho ut igjen i bilen, ho skal ikkje ha pause. Ho har komt veldig langt til å berre ha trent agility to gonger, så veldig smart og kvikk er ho vertfall. Og halen går som det ser ut som ho letter frå bakken, artig! Men sjølv om ho har det travelt så lærer ho fort kva ho får belønning for og ikkje, så ikkje sikkert det går så gale med oss likevel. Me skal vertfall fortsette å trene, for det er veldig kjekt og mykje kjekke folk på treningane!
Ingen bilder i dag men ein liten film snutt frå turen vår tidligare i dag, dette er typisk tur for Kenzo og Eira, sånn kan dei holde på lenge..Fekk ikkje snudd den rett veg, men pytt pytt...


1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt med agility trening! Me har berre vore ein gong, men Pia likte det kjempegodt! Ho tok og hindrene begge veier før eg fekk reagert. :) Me ska på kurs i Bergen i mars, gleder oss til det!
Blei det oppdrettarseminar på deg? Eg og Punky blei heime, for flyet var innstilt så me kom oss ingen veg... :( Kjempekjipt...