torsdag 29. januar 2009

Tur i skogen



Eg må begynne med å fortelle litt om gardshunden Kenzo, for det har han nemlig blitt! Han er ingen by-hund og liker seg best på Lunde der han kan gå laus ute heile dagen. Dagane begynner halv sju, då er det sjodning med "besten". Då er han med inn til sauene og hestane, og står og kikker på dei og gjer som dei, et silo. Men det kjekkaste er no å rulle seg i siloen, då lukter han friskt og godt resten av dagen! Uansett kva som foregår inne, så vil Kenzo vere ute, han må lokkes inn om kvelden, for egentlig hadde det vore deilig å sove ute også! Han kan til nød bli med inn hvis han skjønner at det er middag på gang, då står han i kø ilag med dei andre hundane, for når "besten" lager middag så blir det mat til alle! I begynnelsen sprang han etter bilen hvis eg kjørte avgårde når han var ute, men no berre ser han etter meg og spring fornøyd tilbake til det han holdt på med når han skjønner at han skal sleppe å vere med. Alt i tunet MÅ han få med seg, det skjer jo ofte spennande ting, som når det blir slakta eller brygga øl. Dessuten har naboane katt som trur han er noko, og det skal Kenzo rette opp i, spesielt hvis han har med seg Kaisa, då er han dobbel så tøff minst! Men når eg pakker bag og vesker søndag kveld, då er han på plass og vil vere med oss til byen, heldigvis! Men han gleder seg nok alle rede til neste helg..


Her er det eit eller anna som skjer, best å passe på!


Karane var på veding, så me tok turen oppover i skogen for å sjå at dei jobba og ikkje berre vasa :D Det var tjukk tåke nede ved huset, eit stykke oppover kom me over tåka og då var det deilig vintervær.


Mot Lønahorgi


Var der borti sola me skulle ha vore...


Herjing må til!


Oppi skogen fann med nokon vedakarar, her representert ved Olav og svigerfar


Kaisa koser seg i snøen


Her var reine pinne himmelen


Eira har funne seg ein utkikkspost, var mykje spor av både rev, hare og hjort i skogen. Heldigvis var det så mykje snø at Eira ikkje klarte komme seg så langt, då hadde ho nok tatt seg nokon gode runder tenker eg...


Kenzo og Kaisa er blitt gode venner, her graver dei i samme hôla :)


Mykje spennande lukter i skogen


Men var best å springe etter skogs vegen, og der var det masse kongler som måtte leikast med.


Litt oppstilling må jo alltid til :)


Fine Eira jenta mi!


Og her begge dei nydelige hundane mine!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Herlige turbilder i Vinter-Norge! Jeg begynte å lure på om du var gått helt i frø der inne i byen, men det har du visst ikke :-) Hyggelig å se litt Liv her igjen, he, he!

Anonym sa...

Hei, så kjekt med livsteikn frå deg igjen! :)
Takk for helsing i bloggen.
Ser herleg ut å vere på skogstur i snøen, flotte bilder!