torsdag 12. februar 2009

Masse bilder..

Eg har reinstallert maskina mi, og funne ein del bilder på den eksterne harddisken som eg har overført frå mobilen for lenge sidan. Så her kjem litt nytt og litt gamalt! :D


Kenzo og Eira fekk ei flaske Dog Beer hjå naboen Mira. Eira ville slettes ikkje smake ein gong, men Kenzo likte det.


Me var med på ein lastebiltur med Erik her ein dag, Kenzo syns det var kjedelig og veldig varmt...


...Eira derimot storkosa seg, syns ho hadde utrulig god oversikt der oppe ;)


Me var på ski tur med Hilde, Emil (i pulk) og Kajsa på Hamlagrø ein dag. Nydelig vær, men jammen er det kaldt i lufta enda..


..det synes Eira også

Fiine Kenzo guten min!
Her kjem ein heil serie med bilder av Eira, dårlig lys denne dagen, så dei er litt grå..men men..
















Ikkje enkelt med all denne snøen som fester seg i barter og bryn..

Sidan det har vore så kaldt i det siste (-20!) og Eira har vore veldig kald på beina når me har vore ute på tur så fann eg ut eg måtte prøve å sy nokon potesokker til ho. Hadde litt fleece stoff liggande, og med litt prøving og feiling vart resultatet slettes ikkje så værst. Men Eira var mindre begeistra, skikkelig fornærma på meg kor ekkel eg var med ho. Inne stod ho berre heilt i ro med ein fot i været, og samme gjorde ho når eg løfta ho ut, men plutselig spratt ho rundt som ein jojo! Og oppover i skogen stakk ho avgårde etter nokon hjorte spor, og kom veldig fornøyd ned att uten sokker på..eg fann att to av dei i snøen, men dei andre to har ho gjøymt godt..
Eg skjønner ikkje korleis folk klarer å få potesokkene til å henge på, nokon gode tips?

Full fres!


Me hadde oss ein deilig søndagstur i Holmen, der Erik har støl. Eit paradis for både to og fire beinte!

Sêlet litt heilt til venste i bildet

Torkjell og Ozzy var også med. Me juksa oss opp på ein høg fjelltopp, altså med scooter, Torkjell stod bak og fekk seg ein fin lang bakke og skli nedatt.


Idag har me vore oppi skogen her på tur, er skikkelig deilig vinter-vær, ikkje like kaldt som det har vore i det siste, og det har komt litt nysnø. Utrulig mykje spor av alle mulige dyr; rev, hare, hjort og elg såg me spor av idag. Hundane har sprunge kilometervis lenger enn meg, men eg hadde med meg tre hunder når eg kom heimatt også. Ikkje ein for mykje altså, Kajsa var med oss :D


Mykje snø for ei lita Parson jente, ikkje enkelt å springe sålangt på spor på dette føret. Heldigvis seier no eg :)
God helg alle sammen!

torsdag 29. januar 2009

Tur i skogen



Eg må begynne med å fortelle litt om gardshunden Kenzo, for det har han nemlig blitt! Han er ingen by-hund og liker seg best på Lunde der han kan gå laus ute heile dagen. Dagane begynner halv sju, då er det sjodning med "besten". Då er han med inn til sauene og hestane, og står og kikker på dei og gjer som dei, et silo. Men det kjekkaste er no å rulle seg i siloen, då lukter han friskt og godt resten av dagen! Uansett kva som foregår inne, så vil Kenzo vere ute, han må lokkes inn om kvelden, for egentlig hadde det vore deilig å sove ute også! Han kan til nød bli med inn hvis han skjønner at det er middag på gang, då står han i kø ilag med dei andre hundane, for når "besten" lager middag så blir det mat til alle! I begynnelsen sprang han etter bilen hvis eg kjørte avgårde når han var ute, men no berre ser han etter meg og spring fornøyd tilbake til det han holdt på med når han skjønner at han skal sleppe å vere med. Alt i tunet MÅ han få med seg, det skjer jo ofte spennande ting, som når det blir slakta eller brygga øl. Dessuten har naboane katt som trur han er noko, og det skal Kenzo rette opp i, spesielt hvis han har med seg Kaisa, då er han dobbel så tøff minst! Men når eg pakker bag og vesker søndag kveld, då er han på plass og vil vere med oss til byen, heldigvis! Men han gleder seg nok alle rede til neste helg..


Her er det eit eller anna som skjer, best å passe på!


Karane var på veding, så me tok turen oppover i skogen for å sjå at dei jobba og ikkje berre vasa :D Det var tjukk tåke nede ved huset, eit stykke oppover kom me over tåka og då var det deilig vintervær.


Mot Lønahorgi


Var der borti sola me skulle ha vore...


Herjing må til!


Oppi skogen fann med nokon vedakarar, her representert ved Olav og svigerfar


Kaisa koser seg i snøen


Her var reine pinne himmelen


Eira har funne seg ein utkikkspost, var mykje spor av både rev, hare og hjort i skogen. Heldigvis var det så mykje snø at Eira ikkje klarte komme seg så langt, då hadde ho nok tatt seg nokon gode runder tenker eg...


Kenzo og Kaisa er blitt gode venner, her graver dei i samme hôla :)


Mykje spennande lukter i skogen


Men var best å springe etter skogs vegen, og der var det masse kongler som måtte leikast med.


Litt oppstilling må jo alltid til :)


Fine Eira jenta mi!


Og her begge dei nydelige hundane mine!

onsdag 26. november 2008

Endelig kamera med på tur

I helga var det nydelig vintervær, og sjølv om det var temmelig kaldt på fingrane å ha med kamera, så måtte eg ta litt bilder av dei nydelige hundane våre!


Kajsa klar for tur


Kenzo tøyser seg i snøen


Utrulig deilig å rulle seg...


...men kan posere fint og! :D


Alle jakt etter den flygende tallerkenen...


...utrulig nok Kenzo som var raskast denne gongen, dette er virkelig favoritt leika hans!


Fine jentene koser seg på skogsveien


"Skal du ikkje kaste ei kongle til meg?"


Litt oppstilling og posering høyrer med når eg først drar med meg kamera på tur..."Hallo!?? sjå på meg då!"


Det var litt bedre! ;) Kenzo rikker ikkje på posituren sin :D


Vakkert vinterlandskap


Snart heime igjen...

'
...Kajsa skjønner ikkje heilt dette med denne fotograferinga, er jo kjedelig å sitte i ro!


Ho står og prater ved siden av meg i steden :D

onsdag 19. november 2008

Her skjer ikkje så mykje nytt..er stort sett skule og oppgåveskriving heile tida. Det føles vertfall som eg ikkje får gjordt stort meir, vertfall no når det nærmer seg eksamen. Og eg gleder meg vilt til juleferie!
Litt bilder frå helga


Emil bruker Kenzo som sofa...


...kjempemoro! Og Kenzo er utrulig tolmodig, rikker seg ikkje ein millimeter


Eira syns Emil var veldig rar i begynnelsen, den lille gutten lagde så mykje rare lyder. Men no har ho funne ut at han er veldig trivelig, og veldig flink til å kose! Sjølv om ho fremdeles syns han bråker litt av og til;)


Kenzo har fått seg ny leike, og den er jammen populær! Ustyrtelig kjekt å springe etter frisbee`en, og veldig irriterande at Eira er så rask..men ho går fort lei, så han får ha den litt for seg sjølv verrtfall..


"Kato maskiner er best!", seier Kenzo.