fredag 21. september 2007

Hjorteråk

I helga var me i Bergsdalen, og på søndag lurte jegarane oss ut i skogen på råk. Er veldig spennande, og alltid gøy hvis ein ser eller høyrer noko. Det gjorde me dessverre ikkje denne gongen. Eg hadde Kenzo og Trulsi med meg, var eit lite stykke Kenzo vart veldig ivrig, så der kan det ha vore hjort,men me såg ingen ting, og jegarane fekk ikkje skyte denne gongen. Men Kenzo fekk trent litt på å gå hjortespor, det er jo veldig spennande, så treng ikkje akkurat oppmuntre han så veldig voldsomt :)
Eira gjekk med Jorunn, var ikkje heilt fornøyd med det, ho skulle no helst gå med meg og Kenzo. Og når eg ropte til Jorunn undervegs, så kunne eg høyre at Eira "svarte". Uuuuuuul!


Kristine og Trulsi er klar

Kenzo syns han har fått snusen i noko..

Ingen kommentarer: