onsdag 27. mai 2009

Hi-trening og diverse


Blomsterbarna koser seg ute i sola

Ozzy held seg litt i bakgrunnen sidan det ikkje alltid er like lett å vere enig med beste uvennen sin Kenzo :)

Varmt!


Då er det deilig med eit bad!


Eira er litt meir forsiktig...

Eira syns det kjekkaste med badinga er at Kenzo blir så tøysete etterpå. Så då får ho herje litt

Hundane har fått seg ny seng, veldig populær. Eira skal ikkje ligge på den, eg tenkte det måtte vere fint for ho, men neida..
Nesten som han blir litt flau når eg tek bilde av han, store sterke gutter skal no vel ikkje sove på mjuk og deilig seng??

Karane fekk i oppdrag å snikre hi-ganger til Eira, sidan ho nekta å gå igjennom det liggande nålauget. Var ikkje heilt enkelt å tenke klart når dei skulle lage med vinkel og helst veldig lang gang..dei tok vertfall oppgåva på alvor! Og hi-gang vart det!


Her ligg den opp ned, Eira syns det var like greit å gå i gangane då, mykje enklare sjølvsagt! Kenzo var missunnnelig på at me snikra BERRE til Eira, han stakk snuten inni gangen, men er vel ikkje akkurat eit sjokk at han ikkje kom så langt :D


Her ser me kor lavt det er "under taket", dei må jammen krype for å komme seg gjennom. Eira var igjennom gangen fleire gonger, også det liggande nålauga. Eg kasta ein tennisball gjennom, og Eira etter. Så det gjekk plutselig heilt supert! Så spenninga var stor når me kom på hi-treninga i går, for der har ho jo ikkje klart nålauga før. Men eg trur faktisk ho glømte at det var noko problem, ho fauk vertfall gjennom! Så det var supert! Gleder med alle rede til neste trening!
Fekk forresten høyre at eg må ha verdens mest stae terrier, ho skal jo helst gjere som ho sjølv vil, og når folk som har hatt terrier i "alle år" seier det, så må det jo ligge ein viss tyngde i utsagnet :) Men har no aldri vore noko problem for meg, ho er no stort sett veldig lydig og grei. Eg kan ikkje presse ho til å gjere noko ho sjølv ikkje vil, så då må eg lure ho til å tru at ho har bestemt det sjølv, då går alt som smurt:D Sånn som med gangane i kunst hiet, det er jo mykje raskare å gå rett på kassa med reven i, enn å kravle seg gjennom gangane. Men sidan det ikkje er lov, så må ho få bestemme sjølv at ho VIL gå i gangane. Er ein tolmodighetsprøve, men eg er faktisk meir sta enn Eira når det gjeld det der! Og svisj så for ho jo gjennom!

1 kommentar:

Lena sa...

På hitrening her hos oss kaller de det "bortskjemt" :) Jeg kaller det hverken sta eller bortskjemt. Jeg kaller det en intelligent parson!

Hvorfor i all verden bruke en trang, mørk gang, når vi mennesker har sørget for at man bare kan gå rett over plassen? Du har bare en smart liten hund, he, he..